Onsdag 26.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 12.mai 2003


Desse møtte: Kristian Nave, Randi Husevåg, Jofrid M. Endal, Vivian Sollid, Øyvind Fagerlid og Inger Johanne Heikkinen
Arve Aalen møtte i sakene 3, 18 og 21


FRÅ SISTE MØTE

Sak 3/2003 Datautstyr
Bestilte datamaskiner med diverse tilleggsutstyr er på plass! Arve installerer litt etter litt og meiner alt skal vere klart om 10 dager.

Digitalt Kamera
Styret går inn for å kjøpe Cannon Powershot á kr 3.200. I tillegg kjem batteri og veske. Det er usikkert om denne prisen inkluderer moms.

Sak 18/2003 Vårslepp 2003
Dato: 31. mai eller 7. juni. Arve avtaler med Olav denne veka. Eli Vambeseth seier ja til å vere med i arrangementskomitéen.

NYE SAKER

Sak 21/2003 Datautstyr

Programvare
Arve høyrer med bygdeutviklingslaget i Kjølsdalen kva dei har gjort. Styret er innstilt på at originalprogram skal brukast. Støtter Microsoft idéelle lag med gratis program, evnt. rabatt?

Fargelaserskrivar
For eit godt sluttprodukt for digitale bilder går styret inn for å kjøpe fargelaser. Dette er noko dei færraste har heime og dermed kjem skrivaren heile bygdefolket til gode.
Produkt: Epson C1900 med nettverkskort og fargepatroner. Kjøpt på nettet kostar den omlag kr 6.000 inkl. moms og frakt.
Denne skrivaren er dyr i bruk. Ein fargepatron kostar ca kr 1200 per farge (den har 3 fargar + svart). Uten omsyn til kjøp av skrivar er driftsutgiftene omlag kr 1,- per side. Brukarane må derfor betale for bruk av skrivaren. Styret vil ta stilling til kva bruken skal koste.

Sak 22/2003 Datakurs
August ’03 Edb-grunnkurs v/ Kirsten Midtbø. Randi høyrer med Kirsten om august passer.
Hausten ’03 Bilderedigering v/Börje Heikkinen. Bygge digitalt bildearkiv + enkel måte å bearbeide bilder på.
Målet er å sende ut melding om kurstilbodet innan slutten av juni.

Sak 23/2003 Medlemskontingent 2003
Giro med informasjon om aktivitetane våre. Øyvind skal skrive tekst og sende den til Randi, som printer ut giroane. Desse distribuerer vi sjølve i postkassene i bygda. Skal vere gjort innan slutten av juni (distribusjon saman med kurstilbod?).

Sak 24/2003 Lokalet
Skilta i vindauga bør vere større (feste på eit større bakstykke?) og hengast ned frå tak/gardinstang slik at dei vert meir synlege. Spotlight bør òg festast oppe.

Veggen ved sofagruppa reserverast for innramma bilder med lokale motiv.
Trelista på langveggen skal forlengast i begge ender slik at 4H og andre lag som er interesserte kan få ”sin” plass i lokalet. Ansvarleg for lokalet inne: Ingar.

Skap med lås/hylle(r)/safe: Randi innhenter meir informasjon før dette avgjerast.

Sak 25/2003 Momsrefusjon
Randi meiner at bygdeutviklingslag har rett til å kreve momsrefusjon og undersøkjer om dette stemmer.

Sak 26/2003 Postkasse
Bygdeutviklingslaget må ha eiga postkasse. Vi bruker den vi har dersom nøkkelen dukker opp. Hvis ikkje må det kjøpast ny.

Sak 27/2003 Status prosjekt Lefdalsvatnet, Søholmen, heimesida

Lefdalsvatnet har stoppa opp. Jeger og Fiskelaget har òg fått midlar til dette prosjektet og er klare til innsats. Ein idé at dei tek over vidare framdrift?

Søholmen er òg prega av stillstand, men Kristian skal få fart på hjula igjen. Møbeltransport og dugnad (rydding og slått) før Jonsok - for evnt. felles Jonsokfeiring på Søholmen?

Heimesida Bilde og tekst til forside ikkje heilt klare. Ulike lag i bygda har frist til 17. mai for innlevering av sine presentasjoner og arbeidet er godt i gang. Programmeringsarbeidet skal ta til i slutten av juni.

Sak 28/2003 Bygdeforum 2003
Jostedal Hotell 3. & 4. juni. Årleg møte der dei seks bygdene i Bygdeutviklingsprogrammet samlast. Bygdeutviklingsprogrammet dekkjer reise og opphald og oppmodar alle lag om å møte med fem styremedlemer.
Heile styret frå Bryggja reiser; Kristian, Randi, Øyvind og Ingar.
Vivian reiser for Jofrid som ikkje kan møte. Inger Johanne reiser dersom Ingar ikkje kan delta.

Neste møte
Dato endra til 17. juni kl 20.00


Referent: Inger Johanne Heikkinen

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening