Fredag 20.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 17.juni 2003


Desse møtte: Randi Husevåg, Jofrid M. Endal og Inger Johanne Heikkinen
Kirsten Lillebø møtte i sak 29.

Sak 29/2003 Utsending medlemskontingent og informasjon om datakurs
Giroblankettar for medlemskontingent 2003 er klare for distribusjon. Saman med desse skal det sendast informasjon/tilbod om dataopplæring.
20 timer EDB Grunnkurs, start 20.08., kursavgift kr 750,- (+ kurshefte/diskett kr 250,-).
Instruktør: Kirsten Lillebø.
6 timer bilderedigering, start 06.09., kursavgift kr 200,-. Instruktør: Börje Heikkinen.
I tillegg høve til å melde interesse for dei fleste modulane som skal til for å kunne ta datakortet. Kursavgift kr 65,- per time + kurshefte ca kr 400,-. Modultestar kan gjerast på Eid eller i Måløy, evnt. ved dei vidaregåande skulane der avgifta er lågare.

Sak 30/2003 Kjøp av Office pakke
Vedtak: Det skal kjøpast Office Pakke lisens til XP for å kunne holde kurs.

Sak 31/2003 Heimesida Bryggja.no
Det materiellet vi har sendast til Dagen Din, slik at dei kan starte arbeidet i neste veke. Materiell frå ein del lag/organisasjonar manglar enno. Frist for innlevering var 1. mars, seinare forlengd til 17. mai.

Sak 32/2003 Breiband
Kommunenett Nordfjord har valgt Telenor som leverandør i Nordfjord for dei tre neste åra.
Vedtak: Arve Aalen får fullmakt frå styret i Bryggja utviklingslag til å arbeide vidare med breiband for bygda.


Neste møte
Mandag 14. juli kl 20.00


Referent: Inger Johanne Heikkinen
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind