Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 18.mars 2003


Desse møtte: Kristian Nave, Randi Husevåg, Ingar Tenden, Øyvind Fagerlid, Vivian Sollid og Jofrid Maurstad Endal.
Arve Aalen møtte i sak 3.

Sak 3/2003: Innkjøp av datautstyr
Randi har innhenta tilbod frå Elkjøp, Sandane, og har og vore i kontakt med Helge Rønnekleiv på Eid. Arve vil i tillegg ta kontakt med Guttorm Rimstad om eit evt. tilbod.
Arve såg over maskinene på kontoret, og konkluderte med at mange dei fleste var for gamle og hadde for liten kapasitet til å bruke i kurssamanheng.
Randi og Arve får fullmakt til å velge ut/kjøpe maskiner med naudsynt utstyr for å bygge nettverk.
Digitalt kamera
Øyvind og Vivian hadde med brosjyrar på fleire kamera.
Dei fekk fullmakt til å velge ut/kjøpe kamera med naudsynt utstyr innafor ei råme på ca. kr. 3500,-.

Sak 4/2003: Straum og utstyr på kjøppenet
Det er i dag lagt opp straum på kjøppenet.
Det blei beslutta å kjøpe både mikrobølgeovn og hybelkomfyr (godt tilbod hos Hestenes, Eid), og Randi ordnar dette.
Jofrid har eit gamalt kjøleskap som laget kan få – betre enn ingenting.

Sak 5/2003: Møteplan
Neste møte blei sett til 29.04. kl. 20.00
Det blei ikkje tidfesta fleire møter, men vi var samde om å ha eit møte pr. mnd. Årsmøte må ein freiste å få halde i midten av februar –04.

Sak 6/2003: Breiband
Arve skal på møte i Kjølsdalen 19.03. ang. breiband, og han vil gje ei orientering etter møtet.

Sak 7/2003: Vernelaget for Maurstad gamle bru
Jofrid vil ta kontakt med medlemane i vernelaget med spørsmål om å legge vernelaget for Maurstad gamle bru under Bryggja utviklingslag. Dersom medlemane er einige i dette vil Jofrid skrive ein søknad til utviklingslaget.
Håper dette er klart til neste møte den 29.04.

Sak 8/2003 Serveringsbevilgning. Ungdomskafe. Opningstider
Randi fyller ut søknad om serveringsbevilgning, Randi og Jofrid skriv under.

Sak 9/2003 Lokalet. Skilt ute, utsmykking inne og innkjøp av låsbart skap etc.
Jofrid vil få laga skilt for å henge ute dersom det let seg gjere. Dersom ikkje det går må vi henge dei i vindauga. Det må då leggast opp ei form for lys.
Det blei beslutta å kjøpe eit lite låsbart skap – men ikkje med arkivmapper.

Sak 10/2003: Gåve frå 17-mai komiteen 2002
Laget har fått kr. 6000.- i gåve frå 17. mai komiteen, og dette skal gå til datautstyr til kontoret.
Det skal leggjast fram økonomioversikt på neste møte den 29.04.

Sak 11/2003: Gjennomgang, handlingsplan

Sak 12/2003 Evt.
Jofrid tok opp som evt. sak laksetrappa i Maurstad-elva. Det er mange år sidan det har gått fisk opp elva, og det må til ei opprydding/vedlikehald.
Randi vil undersøke om dette er ei sak for Bryggja og omegn Jeger og fiskeforening, dersom ikkje kan det vere ei sak for utviklingslaget.

Neste møte 29.04.03 kl. 20.00.


Jofrid Maurstad Endal
referent

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind