Onsdag 26.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 18.september 2003


Alle møtte: Kristian Nave, Randi Husevåg, Jofrid M. Endal, Øyvind Fagerlid, Vivian Sollid og Inger Johanne Heikkinen.

GAMLE SAKER

Sak 36/2003 Bygdekontoret - Innbuforsikring
Randi har fått tilbod frå Gjensidige Nor (eigenandel kr 10.000, polise kr 299/år) og If Forsikring (eigenandel kr 6.000, polise kr 680/år). Før styret tek stilling til dette ber vi om ein detaljert spesifikasjon over kva forsikringa gjeld, særskilt med tanke på naturskader (lynnedslag).

Sak 37/2003 Datakurs hausten 2003
Bildebehandlingskurs 1: 8 deltakarar
Bildebehandlingskurs 2: 5 deltakarar
Datoar for kurs 2 vert ikkje fastlagt før i slutten av oktober.

Sak 38/2003 Vaksenopplæringsmidlar
Etter ein rundgang i systemet har Randi til slutt fått kontakt med Åse Leirgulen i Forsøksringen. Vi søkjer om midlar gjennom BSF for dei to gjenståande kursa. Vi kan ikkje søkje for kurs som allereide er i gang.

Sak 39/2003 Lefdalsvatnet - Søholmen
Randi tek over ansvaret for prosjekt Lefdalsvatnet. Det har ikkje vore aktivitet her sidan brev om framdrift av 14/12-2002. Randi kallar inn til møte med grunneigarane for å diskutere avtale for vidare arbeid.


NYE SAKER

Sak 42/2003 Bygdekontoret som politisk arena
Styret i utviklingslaget vil i Fjordenes Tidende imøtegå følgjande uttalelsar frå Bryggjalista i samband kommunevalet 2003:
Bryggjalista vil via Bygdekontoret prøve å ha ein open dialog med bygda, både for å informere og motta innspel frå innbyggjarane.
Bygdekontoret er til for alle i bygda, men slik styret ser det, skal ikkje Bygdekontoret knytast opp mot ei særskild politisk liste.

Sak 43/2003 Nøklar til kontoret
I denne perioden med mange datakurs på kveldstid har Kirsten Lillebø eit av nøkkelsetta. Dette overtek (kaféansavarleg) Inger Johanne når kursa er avvikla. Det andre settet ligg hos ICA.

Sak 44/2003 Samarbeid med Bryggja Skule
Rektor ønskjer eit møte mellom skulen, 4H og utviklingslaget med tanke på samarbeid i samband med elevane sine uteaktivitetar. Randi har fullmakt frå styret om å møte som vår representant.

Sak 45/2003 Møte med dei nye gruppene i Kommunestyret
Styret vil snarast mogeleg gjere framstøyt mot nokre av dei nye gruppene i Kommunestyret,. Dette for å gjere seg kjend med gruppene og for å informere om utviklingslaget sine aktivitetar. Vi ser Venstre, Arbeiderpartiet og FRP som dei mest aktuelle gruppene.
Ansvar: Kristian og Inger Johanne.

Sak 46/2003 Trimrom for ungdommen
To ungdommar tok kontakt med Bygdeutviklingslaget for å få hjelp til å ordne eit trimrom med trimapparat i bygda. Denne oppmodinga er sendt vidare til Idrettslaget, som etter det vi forstår allereide har ordna med plass i klubbhuset på fotballbana.

Sak 47/2003 Status rekneskap
Saldo omlag kr 27.000,-, før rekning frå Dagen Din (heimesida) er betalt, og før tildelte midlar for 2. året i Bygdeutviklingsprogrammet/Vågsøy Kommune (kr 80.000,-) er motteke.


Neste møte
Torsdag 23.10. kl 20.00

Referent: Inger Johanne Heikkinen

Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening