Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 21.august 2003


Desse møtte: Kristian Nave, Randi Husevåg, Jofrid M. Endal, Øyvind Fagerlid, Vivian Sollid og Inger Johanne Heikkinen
Kirsten Lillebø møtte i sak 37

Ingar Tenden har sagt frå seg styrevervet i Bygdeutviklingslaget ettersom han no flytter til Sogn pga. skulegong. Vivian Sollid overtek styreplassen etter han.

Sak 37/2003 Data og datakurs hausten 2003
Det viser seg at vi må investere i ny kabel for å få det interne nettverket til å fungere som det skal.
Kirsten Lillebø orienterte om oppstart Grunnkurs edb. Gledeleg mange har meldt seg på, slik at 5 grupper skal kursast i haust. Vi har fått låne to ekstra datamaskiner, slik at det vert 7 elever per kurs.
Gruppene 1-3 er allereide i gang ettersom gruppe 1 starta sist tirsdag, 19. august.
Kursdagar er tirsdag, onsdag og fredag. Dei to siste gruppene skal starte 30.09. og 01.10.
Bildebehandlingskurset vert 20. og 27.09. samt 11.10. Slik det ser ut per i dag med omlag 10 påmelde, kan det bli snakk om to kurs også her.

Sak 38/2003 Vaksenopplæringsmidlar
Randi tek kontakt med Oddveig Birkeland i Bygdeutviklingsprogrammet for å høyre om gjeldande ordningar.

Sak 39/2003 Lefdalsvatnet – Søholmen
Dersom ansvarleg for Prosjekt Lefdalsvatnet ikkje kan love fortgang i saka, må vi finne ein annan som kan ta over dette. Dato for tilbakemelding til styret: 01.09.03.
Kristian orienterte om Prosjekt Søholmen: Det er sendt søknad om midlar for å lage skjøtselplan. Midlar til dette formålet er tildelt. Det vil òg bli søkt om STILK-midlar til istandsetting av huset på Søholmen. Det som hastar mest er nytt ytterpanel og nye vindauge. Det er von om at skjøtselplana skal vere klar til våren 2004.

Sak 40/2003 Husleige
Med langsiktig syn på økonomien i laget innser styret at det ikkje er sunn styring å leige det lokalet vi no har til avtalt husleige dei to siste åra av den eksisterande husleigeavtala. Kristian ber om møte med huseigar for å prøve å reforhandle leigeavtala.

Sak 41/2003 Kafédrift – Kommunevalet
Tre parti har meldt interesse for å leige Bygdekaféen for kafédrift og lokalpolitisk aktivitet før valet:
Senterpartiet den 30.08.
Bryggjalista den 06.09.
Arbeiderpartiet den 13.09.


Neste møte
Torsdag 18.09. kl 20.00

Referent: Inger Johanne Heikkinen

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind