Onsdag 26.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 29.april 2003

Desse møtte: Kristian Nave, Randi Husevåg, Jofrid M. Endal, Vivian Sollid, Ingar Tenden og Inger Johanne Heikkinen
Arve Aalen møtte i sakene 3, 6 og 18

GJENNOMGANG AV REFERAT FRÅ SISTE MØTE

Sak 3/2003 Innkjøp av datautstyr
Arve har bestilt 3 ferdigbygde PC’er til kr 4.695,- pr stk. Vi bestemde oss for ferdigbygde då dette gjev oss 3 års garanti, i motsetning til kun 1 år dersom ein byggjer sjølve. I tillegg er det bestilt 2 stk nettverkskort, 1 stk ISDN-kort, 1 stk HUB/switch, 1 stk cd-brenner og diverse nettverkskabel. Vi vart i tillegg einige om å bestille cd-rom’er til dei to eldste PC’ane. Frakt kjem i tillegg, kr 6-700,-.
Arve vil bygge nettverket for oss.

Digitalt kamera
Vivian skal samordne val/kjøp av kamera med Øyvind.

Sak 4/2003 Straum og utstyr på kjøkkenet
Ein 16 amper kurs er installert i kjøkkenet (til komfyren).
Mikrobølgeomn og hybelkomfyr er kjøpt. Det same er vannkokar og kaffikanne.

Sak 6/2003 Breiband
Arve orienterte frå breibandmøtet i Kjølsdalen. Dei sju kommunane i Nordfjord går saman i Nordfjordnett for breiband, videokonferansar etc. I første omgang er dette meint som ein ”motorveg” mellom dei kommunale skulane. Her bør bedrifter og andre vere med frå start for å få bygd ut sentralane. Det verkar som privat utbygging er tungt å få til. Avgjerdsle for vegen vidare skal takast i mai 2003.
Det som er viktig for oss vidare er å passe på at skular/andre off. instansar og bedrifter ikkje ”går solo”, men at vi får eit tilbod til heile lokalsamfunnet dersom det først skjer ei utbygging i telefonsentralane i området.

Sak 9/2003 Lokalet
Jofrid har laga to skilt til å sette i vindauga inne, ”Bygdekontoret” og ”Bygdekaféen”.

NYE SAKER

Sak14/2003 Økonomioversikt
Beholdning per 28.04.03: kr 66.000,-. Dette før innkjøp av datautstyr.

Sak 15/2003 Vernelaget for Maurstad gamle bru
Styret i Bryggja utviklingslag er positive til at vernelaget vert lagt under BU, men meiner at dette er ei sak for neste årsmøte, ikkje berre for styret.

Sak 16/2003 Møte om kafédrift 10.04.03
Til stades: Kristian, Randi og Ingar. Dessutan: Karin Vambeseth (YNB), Rigmor Navekvien og Harald Maurstad.
Det er til tider tungt å få folk til drive kaféen, og det er stort sett dei same som går igjen på kafékalendaren. Lag som enno ikkje har stått for kafédrift vert kontakta av Inger Johanne i løpet av sommaren.
Uendra leigepris, kr 200 per laurdag, kr 50 fredag kveld.
Ingar er heretter kontaktperson for kaféen og har nøkkelen til lokalet.

Sak 17/2003 4H kafédrift 4. og 5. april 2003
Overskotet skal gå til en 4H-klubb i Ghana. BU bidreg til prosjektet med gratis husleige, dvs. kr 250,-.

Sak 18/2003 Vårslepp 2003
Arve diskuterer dato (24. eller 31. mai?) og gjennomføring av arrangementet med Olav Gjesdal og melder tilbake det dei vert einige om. På Vårslepp-dagen skal utviklingslaget sjølv stå for kafédrift og publikumsopplysning om laget.

Sak 19/2003 Boss
Hittil har boss etter bruk av lokalet vorte frakta heim og lagt i private boss-stativ. Kristian undersøker med Tunold om vi kan få lov til å bruke stativet bak bygget.

Sak 20/2003 Neste møte
Dei to neste møtene blei sett til
12.05. kl 20.00 og
10.06. kl 20.00

Referent
Inger Johanne Heikkinen


Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening