Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmøtereferat 2003


Årsmøtet vart helde på Bygdekontoret den 24.februar.

Det var 11 frammøtte.

Sak 1.
Kristian Nave opna møtet for leiaren som ikkje var til stades.

Sak 2. Konstituering
Ordstyrar Randi Husevåg
Referent Kristian Nave
To til å skrive under møteboka: Inger Johanne Heikkinen og Agnar Fagerlid

Sak 3. Innkalling og sakliste
Dei vart einstemmig vedtekne.

Sak 4. Endring av vedtektene
Det vart einstemmig vedteke å føye til eit nytt punkt nr. 8 i § 5. ”Val av 3 varamedlemmer i nummerorden til styret. Funksjonstid 1 år”. Dei 4 siste punkta vil rykke opp til nr. 9, 10, 11 og 12.

Sak 5. Årsmelding
Denne vart delt ut til alle møtedeltakarane. Kristian Nave presenterte meldinga. Reiel Fagerlid kommenterte positivt om Søholmen.
Vivian Sollid kommenterte at det mangla oversikt over kven som sat i styret i meldinga.
Årsmeldinga vart einstemmig vedteken.

Sak 6. Rekneskapet
Det er ikkje blitt revidert av vald revisor. Randi Husevåg gjekk kort gjennom tala. Rekneskapet vart einstemmig vedteke.

Sak 7. Val av leiar
Det vart vedteke å utsette dette til etter at styret var blitt vald.

Sak 8. Val av styre med vara, revisorar og valnemnd.
Styremedlemmer valde for 2 år:
Randi Husevåg, Ingar Tenden og Jofrid Endal.
Eit styremedlem vald for 1 år: Øyvind Fagerlid
1. vara: Vivian Sollid
2. vara: Inger Johanne Heikkinen
3. vara: Katho Nave Giil

Revisorar:
for 2 år: Kirsten Lillebø
for 1 år: Olav Gjesdal

Valnemnd:
Olav Gjesdal vart vald som ny medlem i valnemnda.
Frå før er Peder Ole Maurstad og Dagny Nave Giil.

Sak 7.
Leiar: Randi vart foreslege. Ho har mange verv og ynskjer ikkje å ta det på seg. Kristian har lite lyst og kan ikkje fungere i sommarmånadane. Møtet vart samde om at Kristian Nave vert vald, med det atterhald at han ikkje vil fungere i sommarmånadane.


Kristian Nave -ref./ sign.
Agnar Fagerlid -sign.
Inger Johanne Heikkinen- sign.
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind