Fredag 20.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 23.oktober 2003


Desse møtte:
Kristian Nave, Randi Husevåg, Øyvind Fagerlid, Vivian Sollid og Inger Johanne Heikkinen. Arve Aalen møtte i sak 52.

GAMLE SAKER

Sak 36/2003 Bygdekontoret - Innbuforsikring
Forsikring er no bestilt i If Forsikring. Eigenandel kr 6.000 (ved naturskade kr 4.000). Polise kr 680/år.

Sak 37/2003 Datakurs hausten 2003
Datoar for Bildebehandlingskurs 2: 15., 22. og 29. november. Kirsten tek kontakt med deltakarane.

Sak 38/2003 Vaksenopplæringsmidlar
Søknader tek lang tid og tilskotet er lite. Det vart ikkje søkt om midlar for dei gjenståande kursa.

NYE SAKER

Sak 48/2003 Feiring av 1-årsdagen for kontoret og kaféen
Laurdag 6. desember skal vi feire 1-årsdagen for opninga av Bygdekontoret og Bygdekaféen. Utviklingslaget står sjølv for kafédrift den dagen. Kristian og Randi lager skriftleg presentasjon av prosjekta Søholmen og Lefdalsvatnet.

Sak 49/2003 Status Søholmen
Søknad om STILK-midlar er ferdig men ikkje sendt (ligg framleis hos kommuna). Under siste dugnad 06.10. møtte 7-8 personar. Knuste ruter vart skifta ut, to av romma vaska ned og eitpar av stiane rydda. Eit av romma er klart for malingsarbeid så sant temperaturen tillet det.

Sak 50/2003 Status Lefdalsvatnet
Randi har hatt møte og synfaring med nokre av grunneigarane. Vi får lov til å nytte maskin og lage ny veg/sti frå eksisterande skogsbilveg ned til vatnet. Dette for å sikre adkomst òg for dei som er dårlege til beins. Både skulen og 4H vil gjerne vere med på dugnad i ryddegjengen.

Sak 51/2003 Heimesida
10.10.03 vart ein merkedag for oss då Heimesida vår, Bryggja.no, vart lagt ut på nettet. Ein del stoff og bilder manglar, men vi ser dette som ei god byrjing. Vår von er at heile bygda vil vere med på å holde liv i heimesida.

Sak 52/2003 Breiband
Arve Aalen orienterte om breiband-saka. Det er per i dag langt frå klart når/korleis dette vil løyse seg. Arve følgjer opp utviklinga med private og kommunale instansar og informerer dei om stor interesse for breiband blant nettbrukarane på Bryggja.

Sak 53/2003 Videokanon
Kirsten Lillebø er i ferd med å samle inn pengar til kjøp av videokanon. Bedrifter, lag og organisasjoner er kontakta. Kirsten lagar òg julenissar som skal loddast ut.

Sak 54/2003 Status rekneskap
Tilskotet frå Bygdeutviklingsprogrammet (kr 60.000) er motteke. Den kommunale andelen på kr 20.000 er uteståande. Saldo per i dag om lag kr 80.000. Øyvind vil lage prosjektrekneskap. Dei ansvarlege for prosjekta skal halde orden på prosjektet sine kostnader.

Neste møte Torsdag 20.11. kl 20.00

Referent: Inger Johanne Heikkinen
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind