Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 27.november 2003

Desse møtte: Kristian Nave, Randi Husevåg, Øyvind Fagerlid og Jofrid Maurstad Endal.


2003 GAMLE SAKER

Sak 37: Datakurs
Øyvind orienterte om status datakurs og reknskap.

Sak 48: Feiring av 1-årsdagen for kontoret og kafèen 06.12.2003.
Kafèen skal vere open frå kl. 10.00 til kl. 16.00, dette skal gjerast kjent gjennom aviser og NRK.
Det vert sal av rjomegraut og marsipankake.
Arne Owesen vil spele ca. frå kl. 12.00.

Sak 49: Status Søholmen
Det er semje om at ein må sjå på samansetjinga av prosjektgruppa.

Sak 50 Status Lefdalsvatnet- områdetiltak
Bryggja Utviklingslag (BU) har fått tilsagn på midlar –
kr. 20.000.- frå Fylkesmannen, til områdetiltak/tursti ved Lefdalsvatnet.
Vilkåra for å få utbetalt midlane er m.a.:
- Oppretthalde eller forbetre miljøkvalitetane i vassdraga og kulturlandskapet. Bryggja skule vil hjelpe til med dette.
- Rydde tursti kring vatnet.
- Prosjektet må fullførast innan 30.06.2005.
Det er no rydda og merka sti kring vatnet. Roar Haugan skal lage benkar som skal plasserast ut våren 2004. Nedsaga ved skal stablast ved vatnet.

BU har ei avtale med Bryggja skule om å kartlegge fauna og dyre/fugleliv i området. Dette arbeidet skal starte våren 2004. Det skal utarbeidast informasjonstavler.

Bryggja og omegn jeger- og fiskeforening har fått midlar til kultiveringsarbeid (vassprøvetaking og prøvefisking). Det er i 2003 sendt inn 2 vassprøvar.

NYE SAKER

Sak 55: Leige av kontoret til møter etc. – prisar.

Ein skal halde fram med ei leige på kr. 200.- for leige av kontoret.

Sak 56: Målform i Bryggja Utviklingslag
Styret meinar at målforma må vere nynorsk, men ein vil ta dette opp som sak på årsmøtet i februar 2004.

Sak 57: Mindre nærmiljøanlegg – grusa veg til vatnet (Nytt prosjekt)
BU har søkt Fylkesmannen om midlar (kr. 80.000.-) til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg, som er tenkt nytta til opparbeiding av ein betre grusa sti ned til vatnet. Ein vil her ha handicap-standard breidde 1.5 m, og ei bryggje ved vatnet.
Søknaden omfattar òg ønskje om sti inn til neset på austsida av vatnet, der området i dag er kuppert og steinete.

Sak 58 Informasjonstavler (Nytt prosjekt)
BU vil arbeide for å få sett opp informasjonstavler med plassering på Maurstad, Totland og evt. Nave-osen.
Det er teke kontakt med Statens Vegvesen, og vi har fått informasjon om korleis vi skal gå fram. Vi skal lage ei skisse av tavla og sende søknaden til Statens Vegvesen, Region Vest, Askedalen, 6863 Leikanger. Skrifta på tavla må vere tydeleg (ikkje gotisk etc.), og den må ikkje innehalde for mykje. Den må med andre ord vere lett å lese for trafikkantane.
Storleiken på tavlene må angjevast i søknaden, det same må plasseringa av tavlene.
Det vert arbeidd vidare med dette prosjektet på nyåret 2004.

Neste møte:
Neste møte er ikkje fastsett.

Referent: Jofrid Maurstad Endal
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind