Søndag 15.desember 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bjørnagrøfta


Bjørnagrefta heiter ein plass innpå Bakkeegga der råsa mellom Levdalsbakke og Naveosen går. Ein gangstig som var mykje brukt fyrr i tida.Om denne plassen fortel segna :
Ei kone frå Levdal skulde eit ærend ut til Nave. Ein bjørn hadde so kome på far etter henne og hadde lagd seg på lur ved ein bergskolt,og då kona kom attende, rauk han på henne og slo henne ned. Kona vart ikke slega heilt i svime, men ho låg heilt still,so bjørnen trudde ho var daud.Han tok straks etter til å grave opp greft og ville grava ho ned. Kona glytte til sides og såg at bjørnen kom djupare og djupare ned, men han heldt augo med at ho var der. So fekk kona tilslutt lura stakken av seg og la den utover ein eine .- So la ho på sprang. Bjørnen var no djupt nedkomen,og då han såg upp og såg stakken, trudde han det var kona som låg der,og grov vidare.Til slutt vart det so hardt å grava at han laut gjeva seg. Han skulde so opp å velta nedi fengda, og fann so berre tome klæde. Men han fann snart faret etter kona,og ned Maurstaddalen bar det. Han hala fort inn på henne.- Men då bjørnen kom til bøgarden, kom kona inn i Jetmundtunet og var berga.
Hola som bjørnen grov, syner endå.
-----------
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
15. des
Julekonsert i Totland kyrkje
Bryggja Skulekorps
15. des
JULEKAFÈ i Grendahuset etter julekonserten i kyrkja
Ytre Nordfjord Brass