Torsdag 28.mai 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 22. januar 2004


Desse møtte:
Kristian Nave, Randi Husevåg, Øyvind Fagerlid, Jofrid M. Endal og Inger Johanne Heikkinen.

Nye saker i 2004:

Sak 1 Førebuing til årsmøtet
Årsmøtet 2004 skal haldast på Bygdekontoret, torsdag 26.02.04 kl 19.30. Randi legg dette inn på heimesida og bestiller annonse i Fjordenes Tidende for innrykk 26.01.
Kristian utformar instruks til valnemnda og ber dei starte arbeidet.

Sak 2 Årsrapport til FMLA
Jofrid er godt i gang med årsrapporten til FMLA. Kasserar og prosjektansvarlege melder inn status innan få dagar, slik at årsrapporten vert sendt innan fristen, 31.01.04.

Sak 3 Heimeside
Styret er gjort kjent med at andre utviklingslag har fått tildelt midlar for oppretting av heimeside frå Fylkesmannen. Randi sender søknad.

Sak 4 Breiband
Det skal vere høve til å søkje Fylkeskommunen om tildeling av arbeidsgjevaravgift-midlar til formål som dette.
Reiel Fagerlid seier seg interessert i å ta opp breiband saka med kommunepolitikarane i Vågsøy.

Sak 5 Utviding av Kompetansebygder Nordfjord
Det uformelle BU-nettverket i Nordfjord har vore samansett av ei styringsgruppe representert frå ytre, midte og indre Nordfjord + kommunekontakt. Det første nettverksmøtet vart halde på Bygdekontoret på Bryggja torsdag 15.01.04. Som leiar av vertslaget Bryggja Utviklingslag var Kristian til stades og informerte om laget sitt arbeid.

Etter møtet er føljande lagt ut på www.bygdeutvikling.no
Frå 2004 er gruppa utvida med ein BU-kontakt frå kvar av Nordfjordkommunane.
Bremanger?
EidRønnaug Leite (koordinator)
GloppenOle Mathias Aa
HornindalRoger Løvlid
SeljeMarita Aarvik
StrynInger Langvik
VågsøyInger Johanne Heikkinen
KommunekontaktKnut Aaland
Nettverksgruppa har dei siste åra arbeidd med ulike prosjekt og tema:
Bygdesamling, Publiseringsystem for Bygdeutvikling, Kompetanse, Administrasjon, Bygdemedarbeidar, Småsamfunnssenter, Fylkesbarometer, Distriktet.no, Distriktskommisjonen, Studietur.

Høgste prioritet for arbeidet i 2004 vert sterkare satsing på nettsida www.bygdeutvikling.no og mobilisering for deltaking på Bygdesamlinga i Sunnfjord/Sogn.

Neste møte: Torsdag 12.02. kl 20.00

Referent: Inger Johanne Heikkinen
Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.

 

1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
3. jun
Onsdagstur til Øgarden frå Hole, fellestur med Kjølsdalen
Bryggja Sanitetsforening
10. jun
Onsdagtur til Kjølsdalen, byggefeltet Langestigane til Årdalen t/r (fellestur), merk tidspunktet kl 17.45
Bryggja Sanitetsforening
17. jun
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet (i sti over tunellen)
Bryggja Sanitetsforening
24. jun
Onsdagtur til Totlandsmarka, frå kraftverket til Blankevatnet
Bryggja Sanitetsforening
1. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Fellestur.
Bryggja Sanitetsforening
8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening