Fredag 18.januar 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Då posten stansa undervegs


I bygdeboka Selje og Vågsøy er i bolken "Postferdsla" nemnd ein postførar Pisani,som hadde ruta Ålesund - Selje - Vanylven - Bryggja - Utvik.
Eg skal her fortelje ei soge frå ei av postferdene hans over Maurstadeidet.

Jacob Pisani var fødd i Bergen. Faren var italienar.Då han vart tilsett som postførar,tok han bustad på Bryggja, på Ytre Nore.
Ein dag fyrst i juli kom han nordanfrå med skyss frå Einehaugen til Åheim. Skysskaren, han post- Jo, stod då klar og skulle skyssa han til Bryggja.
Vegen over Maurstadeidet var då ferdig. Det var ein fin dag. Då dei kom ned på Slettebakken,der det er eit fint utsyn over bygda, vart Pisani var at det var samla så mykje folk heime i Bakketuna. "Ka e de for slags folkesamling,e de bryllop eller e de begravelse?",spurde han. "Det er bryllaup,"sa han Jo,skysskaren, og han fortalde både kven brudgomen og brura var." Det er jo kjente folk,alle sammen, du må stogge på,så eg kan finne fram en bruremarsj". Pisani var ein flink hornblåsar,og han hadde klarinett med på turane attåt posthornet. Då han var klar, bad han skysskaren køyre i småtrav dei tre - fire hundre meterane fram til bryllaupsgarden. Det gjekk etter utrekninga. Då dei kom fram til gardsvegen, stod verten der med ein ølbolle til dei,- det var fint i det varme solskinet med ein god øldrykk. Pisani takka og let vel.
"Men kor e de,dokker har vel mykje gjestebodsmat,lefser og gomme,og alt de som godt er?". Jau, dei hadde nå det, både eitt og hitt, så såg han seg tid å fylgje til gards,så ver så god.- Han stussa litt,men så sa han: "Eg trur vi bevilger oss den tiden."
Dei spente hesten frå, gav han mat og gjekk til gards.Der vart dei sette til bords.
Då dei hadde forsynt seg, takka Pisani for seg,men la til: "Nå har eg ett,og nå har eg drukket,hadde eg nå fått meg en dans, kunne eg si eg hadde turt bryllop underveis."
Det tykte vertskapet det måtte bli ei råd med,og fekk rudt så mykje plass i stova at det vart plass å snu seg,og spelemannen kom med fela.. Heile tida hadde Pisani bore postskreppa, men nå laut han ta den av seg. Han hengde den på ein nabbe på veggen og sa:"Det står riktignok i regulativet at posten skal ikke stanse underveis,men være i stadig bevegelse.Her får stå en kar og puffe i postskreppa så den ikke stanser".
Så strauk spelemannen opp ein slått, og Pisani fekk seg ein dans,som han hadde orda om.Då det var frå seg gjort,takka han for seg og fòr si vanlege rute inn over fjorden.
SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje

 

9. feb
Årsmøte
Bryggja Bygdatun