Onsdag 21.august 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Kristen Eirikson Nave


Kristen Eirikson Nave er ein kar det gaar ymse segner om.Det han var mest kjend for var at han kunde trolla og “ gjera åt “.Han budde paa Jensbruket, som det heiter no,og var farbror til Erik Samsonson,mannen til Siri,han som rudde Kvia.
Det var helst når han vart arg på nokon at han bruka kunstene sine. Ein gong var det vekke ei kyr for ein av grannene.Dei leita fyrst utan å finne noko. So tok dei til å gaa manngard,og daa såg dei kyra burte på ei høgd.Daa dei kom dit var ikke kyra der ,men paa ei onner høgd lenger vekke.Daa dei kom paa den høgda,såg dei henne paa ein annan stad.,Soleis vart dei gangende heile dagen utan å faa tak i henne.Sistpaa skyna dei at det var nok Kristen som var ute med kunstene sine.
Ein annan gong var han i hop og skjentes med ei kone fraa Bakken. Natta etter fekk ho slik fæl magesykje at dei trudde ho hadde sett livet til.Dette trudde dei òg Kristen hadde skulda for,i det han vilde hemna seg paa kjerringa.
Ein gong det var sildekasting i Kjødspollen var Kristen der,og han bad um aa faa kokesild.Dette nekta dei.Han meinte daa at den dag kunde koma at dei òg vanta sild.
Etter denne tid vart det uråd for Kjødspollarane aa faa ei sild meir.Det vart berre bomkast,kor sjølsagt det saag ut for.
Ein morgon tidlig vart dei var at notbåten låg kvald nedfor land i stille ver, - og nota på botnen.Daa var dei snare aa senda bod etter Kristen Nave at han maatte koma å
“gjera åt” med notbruket deira. Fekk dei sildelukka si att,skulde han faa so mykje sild han vann bera av fyrste fangsten. - Og sild vart det visst både åt dei og han.
Kristen døydde 82 aar gamal i 1835.Han hadde gaatt ut um natta,og laag død attmed bekken. Han hadde ei dotter som heitte Borni,som vart gift til Myklebust i Aalfoten
- til Jørnbruket-.
Stova til Kristen flutte Erik ned paa Kvia og sette opp for seg. Ho var i bruk til 1923.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind