Fredag 28.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmøtereferat 2004

Årsmøte 2004 vart halde på Bygdekontoret den 26.februar.
Det var 14 frammøtte.

Sak 1 Årsmøteopning av leiar

Sak 2 Konstituering
Medlemmer på årsmøte
Medlemmer på årsmøte
Einstemmig valde:
Ordstyrar: Kristian Nave
Referent: Inger Johanne Heikkinen
To til å skrive under årsmøtereferatet: Ragna Maurstad og Agnar Fagerlid

Sak 3 Innkalling og sakliste
Merknad frå Agnar Fagerlid til punkt 9 på saklista om at denne har ei uvanleg utforming. Teksten er henta frå vedtektene og er i år overeins med den situasjonen laget finn seg i, sjå sak 9.
Vedtak av årsmøtet om å handsame sak 6 tidleg i årsmøtet etter oppmoding frå Jan Heggedal.
Innkalling og sakliste vart einstemmig vedtekne.

Sak 6 Vernelaget for Maurstad Gamle Bru – framtidig tilhøyrigheit
Jan Heggedal ga ei kort orientering om bakgrunn, framdrift og økonomi i Vernelaget. Årsmøtet fann det rimeleg at Vernelaget gjer ferdig det arbeidet som står att, òg med omsyn til grinder og vegrett på turstien. Einstemmig vedtak: Vernelaget for Maurstad Gamle Bru vert organisert under Bryggja Utviklingslag sin paraply, når tilkomstvegen til brua er heilt ferdig og rekneskap er lagt fram. Saka vert å ta opp att på eit seinare årsmøte når dette er i orden.

Sak 4 Årsmelding 2003
Denne vart delt ut til alle møtedeltakarane.
På spørsmål om breiband orienterte Øyvind Fagerlid om framdrifta dei siste vekene. Det synest klart at ein må gå gjennom kommuna for å få dette til, òg med omsyn til søknad om midlar. Arve Aalen arbeider vidare med dette, med Reiel Fagerlid som drivkraft mot kommunale instansar.
Agnar Fagerlid kommenterte at det ikkje alltid er mogeleg å nytte internett på Bygdekontoret, sjølv når kaféen er open. Der er to grunnar til dette; Nokre av dei som driv kaféen kan ikkje å opne nettet for brukarane, andre ønskjer ikkje å ta ansvar for at nettet vert kobla ned på rett måte etter bruk. Dette er ei sak det nye styret bør freiste å rette på.
Årsmeldinga vart einstemmig vedteken.

Sak 5 Årsrekneskap 2003
Dette vart delt ut til alle møtedeltakarane og er er revidert av valde revisorar, Kirsten Lillebø og Olav Gjestdal.
Øyvind Fagerli gjekk kort gjennom samlepostane i rekneskapet og las opp revisjonsberetninga. Bryggja Utviklingslag hadde den 31.12.03. data- og kontorutstyr til ein verdi av kr 70.630,-. SpaNo Rekneskap AS vil setje opp ei avskrivingsliste for utstyret, med avskriving fordelt over 4 år.
Rekneskapet vart einstemmig vedteke.

Sak 7 Målform i Bryggja Utviklingslag
Einsemmig vedtak: Bryggja Utviklingslag skal nytte nynorsk som målform.

Sak 8 Val av leiar
Einstemmig val av leiar for 1 år: Randi Husevåg

Sak 9 Val av styre
Valnemnda ved Dagny Nave Giil orienterte om at det i år må veljast heilt nytt styre, sjølv om tre av styremedlemmene ikkje står på val. Dette gjeld:
Randi Husevåg, som no er vald til ny leiar
Jofrid Maurstad Endal, som har sagt frå seg styrevervet grunna arbeid og helse
Ingar Tenden , som har sagt frå seg styrevervet grunna fråflytting (skule)

To styremedlemmer valde for 1 år:
Harald Maurstad og Arne Martin Myklebust
To styremedlemmer valde for 2 år:
Inger Johanne Heikkinen og Ragna Maurstad

Sak 10 Val av 3 varamedlemmer i nummerorden
Tre varamedlemmer valde for 1 år:
1. vara Gerd Endestad
2. vara Alfred Solibakke
3. vara Kirsten Lillebø

Sak 11 Val av nytt medlem til valnemnd
Vald for 3 år: Viviann Midtbø. Dagny Nave går ut av nemnda.

Sak 12 Val av ny revisor
Vald for 2 år: Olav Gjesdal

Sak 13 Fastsetting av medlemskontingent
Årsmøtet vedtok einstemmig at medlemskontingenten for 2005 ikkje vert endra.


Inger Johanne Heikkinen
referent / sign.


Ragna Maurstad
sign.

Agnar Fagerlid
sign.


Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
22. mar
Musikkbasar for Bryggja Skulekorps med gjestekorps Holvik Skulekorps
Bryggja Skulekorps
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening