Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 11. mars 2004

Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust, Gerd Endestad og Inger Johanne Heikkinen.

Reiel Fagerlid møtte i sak 7
Kristian Nave møtte i sakene 8 og 9
Øyvind Fagerlid møtte for å overlevere rekneskapsbøkene til det nye styret.


Sak 7 Orientering om breiband
Reiel Fagerlid informerte om at North Cape Minerals no har inngått avtale om breiband med firmaet Data Guard i Bergen. Så sant Data Guard i tillegg får minst 10 private abonnentar, er breiband ein realitet på Bryggja og kan takast i bruk frå slutten av april i år. Dei kan levere breiband inntil 7 km frå sentralen, noko som gjer at alle i bygda, frå Nave til Rimstaddalen, kan knyte seg til. Klart Svar (Nettpartner) i Måløy er hovudforhandlar for Data Guard i Nordfjord. Jørn Longva frå Klart Svar orienterte om Data Guard sitt produkt og sa seg interessert i å stille opp på eit informasjonsmøte om breiband, slik at folk i bygda kan få svar på spørsmål ein måtte ha. Reiel Fagerlid understreka at det er viktig at Almenning (Bygg og Innbu) òg kjem med i ein ”breiband-pakke”. Han informerte om at Telenor er i ferd med å endre produktet sitt, og at dei ventar å kunne gje meir informasjon om kva dette går ut på i slutten av mars 2003.

Bryggja Utviklingslag i samarbeid med Klart Svar v/Jørn Longva vil arrangere eit informasjonsmøte om breiband på Bygdekontoret den 24. mars kl 20.00.
Dette vert gjort kjent via Heimesida (ansvar Randi) og plakatar i sentrum (ansvar Inger Johanne).


Sak 8 Prosjekt Søholmen
Kristian Nave held fram som leiar for dette prosjektet. Han vil kalle inn Søholmen-gruppa til møte på Bygdekontoret den 17. mars for planlegging av det vidare arbeidet. Arne Martin vil vere styret sin kontakt med Søholmen-gruppa.

Sak 9 Bygdekontoret, leigeavtale
Bygdekontoret si leigekontrakt går ut 01.09.05, med eit års oppseiing. Etter neste år får ikke Bryggja Utviklingslag lenger BU-midlar og medfølgjande støtte frå kommuna, i alt kr 80.000 per år. Styret ser ikkje at laget kan ta på seg noverande leigekostnader og vedtek at leigeavtala vert sagt opp i god tid innan fristen, som er 20.08.04.

Sak 10 Konstituering av det nye styret
Leiar Randi Husevåg, vald av årsmøtet
Nestleiar Harald Maurstad
Kasserar Ragna Maurstad
Skrivar Inger Johanne Heikkinen
Styremedlem Arne Martin Myklebust

Sak 11 Prosjekt Leftdalsvatn
Randi melder om meir dugnad når det vårast i høgda, med vedrydding; kløyving/stabling i tillegg til sluttarbeid på rasteplassane med heller og benker.

Sak 12 Heimesida www.bryggja.no
Randi lærer opp laga til å legge inn stoff og bilder på eigne sider.
Heimesida ”lever” og må vedlikehaldast og vidareutviklast, og dette kostar pengar. Styret støtter gruppa som arbeider med heimesida og vedtek at brukarane (lag og organisasjonar på heimesida) betaler kr 400 per år i vedlikehaldsleige. Bedriftene vert bedne om sponsorbidrag på kr 500 per år.

Sak 13 DVD brennar
Vedtak: Bryggja Utviklingslag kjøper ein DVD-brennar til PC’en som er kobla til scanneren. Kostnaden bør ligge i underkant av kr 1.000. Randi tek på seg å undersøkje dette.

Sak 14 Kontor-/telefonutgifter for leiar og kasserar
Mykje av arbeidet leiar og kasserar tek på seg for laget medfører mange telefonsamtaler og/eller teljarsteg på internett. Styret vedtek at Utviklingslaget dekkjer årleg kr 1.000 for leiar og kr 500 for kasserar.

Sak 15 Kafédrift 2004
Visse tider av året er interessa for kaféen mindre enn elles, det vere seg for dei som driv eller dei som er gjester. Med fjoråret i minne har styret vedteke at i 2004 vil ikkje kaféen vere open 10. april (påskeafta), 1. mai og det meste av sommaren; frå 1. juli til skulestart.

Sak 16 Eventuelt
Randi minner om at vi stadig må vere på vakt og halde oss orientert om ulike midlar vi kan søkje for å fullføre dei prosjekta som er i gong, og å komme vidare til dei prosjekta som ligg på vent.

Neste møte
Onsdag 31.03. kl 18.35

Referent Inger Johanne Heikkinen
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind