Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 31. mars 2004


Desse møtte: Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust, Gerd Endestad og Inger Johanne Heikkinen.

Kristian Nave møtte i sak 19

SAKER FRÅ SISTE MØTE

Sak 9 Bygdekontoret, leigeavtale
Styret v/ Randi sender brev og inviterer Tunold Eigedom v/ Morten Tunold til møte på Bygdekontoret for ein prat om leigeavtala.

Sak 13 CD brennar
CD-brennar er kjøpt og vert installert før midten av april.

NYE SAKER

Sak 17 Breiband til Bygdekontoret
Ettersom bindingstida til Data Guard er to år og flyttekostnadane store, er denne saka utsett til vi veit om leigekontakta i Tunold Bygget vert forlenga eller ikkje.

Sak 18 Prosjekt Lefdalsvatnet
Søknaden om midlar til tursti/brygge ved Lefdalsvatnet frå ”mindre kostnads-krevjande nærmiljøanlegg, ramme kr 80.000”, er trekt tilbake ettersom alle midlane allereie er tildelt og potten er tom.

Fuglekassene er no ferdige og Randi sender brev til grunneigarane for å be om tillatelse før Hei og Hå 4H set ut kassene rundt vatnet. Vi skal snart ha dugnad for å sette ut dei fire benkane som no er ferdige.

Sak 19 Prosjekt Søholmen
STILK-midlar kan ikkje brukast til innvendig vedlikehald. Prosjektgruppa for Søholmen ber om støtte til maling og maleutstyr for kjøkken og stover.

Vedtak: Så sant yttertaket vert sett i tett stand, bidreg Bryggja Utviklingslag med kr 1.500,- til innvendig vedlikehald/oppussing.

Eventuelt

Sak 20 Vårsleppen 2004
Utviklingslaget har fått spørsmål om vi kan arrangere Vårsleppen i år. Styret meiner at dette er handelsstanden sitt arrangement, og at dei handelsdrivande sjølve bør stå for arrangementet.

Vedtak: Bryggja Utviklingslag hjelper gjerne til, men ønskjer ikkje å ta ansvaret for arrangementet.

Lamineringsmaskin til Bygdekontoret
I vårt klima kan plastomslag til ulike plakatar og oppslag vere praktisk ettersom oppslagstavla med glas ikkje finst lenger. Vi henter inn pris for ei A4-lamineringsmaskin.

Neste møte
Onsdag 21.04. kl 18.35

Referent Inger Johanne Heikkinen
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind