Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 21. april 2004


Desse møtte: Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad og Inger Johanne Heikkinen.

Einar Hessevik er no laget sin kontakt- og ressursperson i Vågsøy Kommune. Han var med på heile møtet, fekk eit innblikk i korleis laget arbeider, kva vi arbeider med no, og kva som står att for å oppfylle måla i søknaden som fekk laget med i Bygde-utviklingsprogrammet.

SAKER FRÅ SISTE MØTE

Sak 9 Bygdekontoret, leigeavtale
Morten Tunold møtte for Tunold Eigedom. Han kan ikkje gje oss svar før saka er handsama i styret for eigedomsselskapet.

Sak 18 Prosjekt Lefdalsvatnet
Dei 28 fuglekassene vart plassert i trea rundt vatnet på ein 4H tur den 5. april.
Hei og Hå 4H skal registrere aktiviteten i kassene i tida framover.
Stig Rune Maurstad transporterer fire benkar/bord opp til vatnet i dag. Desse vert plassert ut seinare.

Sak 19 Prosjekt Søholmen
Prosjektgruppa lover at yttertaket vert sett i stand slik at det er tett. Bryggja Utviklingslag har dermed overført kr 1.500,- til innvendig maling. Der møtte omlag 40 på dugnaden den 19. april; stort sett medlemmer i 4H med foreldre, men òg andre vaksne. Det vart saga, kvista og rydda mykje ute. Inne vart det rydda og måla.
Huset vert ståande ulåst så lenge det er umøblert og ingen gjer herverk. Skjøtsels-plana er no under utarbeiding.

Sak 20 Vårsleppen 2004
Handelsstanden ser ikkje vinst i dette arrangementet, men tek kontakt med lag i bygda for å lodde stemninga med andre.

NYE SAKER

Sak 21 Lamineringsmaskin
Pris for ei A4-maskin kr 1.300, A3-maskin mellom kr 3.000-4.000. Kjøp er lagt på is ettersom styret ikkje kjenner seg sikre på om bygda treng ei slik maskin.

Sak 22 Nytt prosjekt; merking av turstiar
Dette er eit av prosjekta som låg inne i søknaden til Bygdeutviklingsprogrammet. Inger Johanne vil ta kontakt med fleire om eit samarbeid for å få sett prosjektet i gong. Mange av stiane er merka av på Vågsøykartet, men er ikkje skilta i marka.

Neste møte
Onsdag 26.05. kl 18.35
Referent Inger Johanne Heikkinen
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind