Onsdag 21.august 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Han "Sje du med garda"


Andreas Didrikson, eller "Sje du", som han helst var kalla for på sine gamle dagar, var ein kar som var framme i mangt og mykje i sine yngre år. Det som gjorde han mest umtala, var måten hans aa snakka paa, og at han laug so mykje. Daa han var ung hadde han rått seg til farty og for paa segling og farting. Fraa desse turane kunde han fortelja mangt og mykje.Mest kjend er turen hans rundt Stadt. Han vart utsigld, men fekk tak i ein tamp og let seg hala att i jekta like til um morgonen, daa han innbilte mannskapet at han hadde gaatt råsa deira nordetter heile Stadthavet.

- Eller um bjørnen han skaut i Storurdeberget og batt ihop føtene og stakk børsepipa gjenom.Så slengde han heile skiten paa ryggen og rusla heimatt.Ein annan gong skulde han avstad å henta ei brun merr som faren åtte. Det var um hausten og mørkt um kvelden.Komen nord um garden eit stykke, såg han noko brunt framfor seg. Han slengde grime paa det og leidde heim imot garden.Men daa han kom i ledet nekta det han leidde på å gå lenger.Daa han skulde til å sjå betre etter, viste det seg å vera ein bjørn, og no snudde han og vilde til skogs att. Andreas treiv han daa i ballarne og kneip til. Bjørnen sette i eit gryl og sleit seg laus. Um hausten skaut dei ein bjørn som var halvklappa. Han vog ei våg meir paa den eine sida enn den andre, sje du.

- Ein gong um vinteren var han i Høgelida og veda. Daa vart han svært tyrst, men vatn var ikkje aa finna. Endeleg høyrde han noko som rann, men vatnet var so langt nede at han måtte stå på hovudet for å naa i det." Ei stund etter eg hadde drukke forstod eg at eg hadde drukke i meg eitkvart for det kraula so i tarmane, sje du. Då eg kom heimatt um kvelden løyste eg storegången. Då eg fekk av meg noko synte det seg å vera ei gås og ein orm. Han var ein stor arbeidskar og slo stort paa. Han fria til ei gjente i Lefdal, men fekk nei. Seinare fekk han ei frå Vedvik i Eid. Brudlaupet deira var mellom dei største som hadde vore mellom bønder. Han køyrde i lukket vogn frå Vedvik til Eid. Vogna fekk han låne hjaa Viese i Baaltgarden, og i fyrevegen reid to heraldar og skulde rydja vegen. Daa han skulde reisa inn til brudlaupet sitt, seglde han til Eid med fartyet sitt. "Daa gjorde eg ein drei uppå Lefdalsvika og løyste 3 æreslause skot, sje du". Han kjøpte eit av Gardsbruka og budde der i Gamle Lems - låni nokre år.Daa var han svær kar. "Vi brukar ikkje noko so ringt som brennevin til morgondram. Det maa vera gamalt rom, sje du". Raust var han. Ei gamal kone fortalde at ho hadde salta sild til han, daa han dreiv og kjøpte opp - og frakta sild. Han betalte ein skilling meir for tunna, og dertil spandera han øl og skillingskake paa saltarane. Men so gjekk det til atters for han. Garden vart seld, han flutte til Aalesund, men greidde seg ikkje der, og kom att. So rudde han eit stykke nordafor Maurstadgarden og bygde ei stove der.Der døydde kona hans. Daa ho døydde, var eit par av grannane komne. "Ja , no er det slutt, no har ho stridt ut", sa dei. "Nei, det er ikkje slutt endaa", sa han Andreas. "Ho ligg og tenkjer no, sje du". Han vart verande i stova si so lenge han kunde stella seg. Det var ofte mødeleg for han - og vanskeleg å skaffa den mat som trongst, men svær i ordi til det siste.

Ein gong kom han ut til butikken til Sjølseth og spurde etter eit kvart. Dei hadde ussel butikk, sa han og gjekk. Han var noko krank eingong og gjekk ut til dr. Mortensen. " Du får sjå om du kan kurere meg," sa han. " Eg har halde deg for ein læregut til denne tid, men no høyrer eg at du ikkje skal vere so verst." Mortensen undersøkte han og let han faa medisin. " Kva kostar det ?" vilde Andreas vita. Mortensen visste ikkje um han skulle ta betaling av han eller han skulde krevja kommunen etter det, så det drygde før han svara. Andreas tok då opp ein 5 kr., slengde han på bordet og sa: " vil du ha han so ta han" og gjekk sin veg. Då han vart so gamal og ring at han ikkje kunde stella seg sjølv lenger, tok sonen Didrik Rimstad honom til seg. Der døydde han kring 1920.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind