Søndag 15.desember 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Eksportvare


For nokre ti - år sidan, medan Ulvesund Formelfabrikk var i full drift,hadde mange frå Bryggja sin faste arbeidsplass der. Jostein Sølvberg leia bedrifta i mange år.Han gjekk ofte ein inspeksjonsrunde for å ha oversikt over produksjonen. Ein dag han gjekk runden, høvde det seg slik at nokre Bryggjaværingar hadde teke seg 5 - minutt, og på sekketiren sto det nokre flasker eksportøl som dei kosa seg med. Jostein såg strengt på dei og sa; "No må de gjere ein skikkeleg jobb, karar, for dette er varer for eksport". Då svara ein av karane: "Du kan vere heilt trygg, du ser vel at dette er gjort med eksport for auge". -

- Harald Maurstad -
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud