Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 18. august 2004


Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust, Einar Hessevik og Inger Johanne Heikkinen.

GAMLE SAKER

Sak 23 Bygdekontoret, leigeavtale
Det vert møte med Morten Tunold om leige av lokalet til bygdekontor/ kafé òg etter 01.09.05. Oppseiingsfristen for noverande leigeavtale er 01.09.04, eit år før avtala opphøyrer.

Sak 24 Prosjekt Søholmen
Badebrygga er ferdig. Denne må fraktast inn frå Måløy og monerast i haust. Kristian Nave er koordinator for gruppa, ikkje prosjektleiar. Det er Utviklingslaget som styrer prosjektgruppa.

Sak 25 Prosjekt Lefdalsvatnet
Magne, Idar, Karl, Randi og Ragna fekk dei fire benkane på plass på ein dugnad den 16. august. To av benkene vart frakta over vatnet med robåt. Skulen har laga ei informasjonstavle og skal lage minst tre til. På desse skal dei informere om dyre- og plantelivet rundt vatnet. Ein del arbeid med (ved)rydding står igjen å gjere.
Einar Hessevik hjelper med å få laga eit kart over naturstien rundt Lefdalsvatnet. Kartet vert sett opp ved parkeringsplassen på Naveosen. Heile prosjektet skal vere avslutta våren 2005.

Sak 27 Lunden
Det skal hentast inn pris for opparbeiding av Lunden til neste møte.

Sak 29 Informasjonstavle ved gamle Olivin og på Totland
Vegskiltingsplan er under utarbeiding for heile kommuna. Dette arbeidet skal visstnok prioriterast og setjast i gong med det første. Utviklingslaget vil komme med innspel til kommuna om våre ønskje i denne saka. Styret tek denne saka opp att på neste møte.

NYE SAKER

Sak 30 Bygdekino
Bryggja Utviklingslag vil, i samarbeid med Bygdekinoen, arrangere bygdekino i Grendahuset søndag 5. september; ein barnefilm og ein vaksenfilm. Grendahuset samarbeider slik at lokalleiga vert sett i samsvar med inntektene Utviklingslaget måtte få.

Sak 31 Bryggja Utviklingslag, budsjett
Leiar og kasserar vil i nær framtid sette opp eit driftsbudsjett for vidare drift i laget.

Sak 32 Referat frå Bygdesamling 2004 i Vetlefjorden 14.08.04
Åtte representantar frå Bryggja møtte på Bygdesamlinga for å få ”påfyll” saman med andre som driv bygdeutviklingsarbeid. Tema for samlinga var ”Bygdeutvikling vegalangs”. Randi informerte om heimesida vår, som har fått mykje skryt. For detaljert referat, sjå www.bygdeutvikling.no
Dei som møtte frå Bryggja var Randi og Magne Husevåg, Ragna og Karl Maurstad, Inger Johanne og Börje Heikkinen, Rigmor Navekvien og Harald Maurstad.

Sak 33 Midlar frå DnB NOR
Ein kan no søkje DnB NOR om midlar til vern av kulturminne og/eller aktivitetar retta mot barn og ungdom. Har vi planer som kjem under desse kategoriane? Saka vert diskutert på neste møte.

Neste møte: 30.08. kl 18.30

Referent Inger Johanne Heikkinen
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind