Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 1. september 2004


Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust, Einar Hessevik og Inger Johanne Heikkinen. Morten Tunold møtte i sak 23.

GAMLE SAKER

Sak 23 Bygdekontoret, leigeavtale
Leigeavtale med Tunold Eigedom i si noverande form vart sagt opp i brev av 30.08.04. Morten Tunold voner at Bryggja Utviklingslag kan få til meir aktivitet i bygda og let difor laget få nytte lokala frå leigeavtala opphøyrer om eit år og ut år 2006. I dette tidsrommet vert leiga ”sett i samsvar med inntektene Utviklingslaget måtte få”. Ei stor takk til Morten som dermed gjer det mogeleg å drive bygdekaféen vidare.

Sak 27 Lunden
Opparbeiding av Lunden med maskin. Dette arbeidet er no gjort og Jonas Rimstad har kalla saman til dugnad for å planere. Området skal såast med det første. Utviklingslaget vil be om tilskot frå Bryggja Bondelag og Bryggja Sanitetsforening. Vi reknar med at 17. mai komitéen er med på å betale og at komitéen ryddar området før 17. mai kvart år.

Sak 29 Informasjonstavle ved gamle Olivin og på Totland
Utsett til neste møte.

Sak 33 Midlar frå DnB NOR
Bygdeutviklingslaget søkjer om midlar til sandvolleyball-bane på Søholmen. Søknadsfrist: 15.09.04.

NYE SAKER

Sak 33 Ny/større oppslagstavle på Coopen
Eksisterande oppslagstavle er i dårleg stand og ofte for lita for alle oppslag. Utviklingslaget tek kontakt med butikken om dette og undersøkjer kostnad for ny tavle.

Neste møte: 22.september kl 19.00

Referent Inger Johanne Heikkinen

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind