Fredag 28.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Simba

Går vi litt attende i tida var fleire fiskebåtar heimehøyrande i bygda vår.

Ein av dei siste, og mest kjende, var snurparen “ Simba”, som har ei litt spesiell historie.
Båten vart bygd i Sandhaven, Skottland i 19 40, og var ein av fleire hundre slike båtar bygd for den Engelske Marine.
Den fekk betegnelsen M.M.S. 12. ( Motor- mine- sveiper nr. 12.) og gjorde teneste som minesveipar under andre verdskrigen.Simba
Det var båtar av denne type som reiv opp dei tyske minebelta utafor kysten av Normandie i 1944 og opna vegen for dei allierte invasjonstyrkane.
Etter at krigen var slutt vart M. M. S. 12 kjøpt av Magnus Indergård og Thomas Brekke, Haugesund og vinteren 45 / 46 reiste dei over til England for å hente den heim.
Under slepet over Nordsjøen rauk det opp til storstorm, sleparen slitna og båten forsvant i stormen.
Den vart attfunnen på ein sandbanke utafor Nederland og vart teken til Sagvåg på Stord for ombygging. Mykje av treverket måtte skiftast på grunn av kolfyr.
Båten fekk namnet “ Simba “ og i 1949 vart den registrert som S. F. 156 D. i dåverande Davik Herad.
Fiskebåtredar Lars O. Møgster rusta båten ut for snurpefiske og stod sjølv som bas ombord i dei rike sildeåra på 50- talet.
Magnus Indergård var skipper ombord så lenge “ Simba “ var i drift.
I tillegg til storsildefiske var dei på sildefiske ved Island kvart år og bringa heim tusenvis av tønner med salt- og kryddasild.
“ Simba “ vart kondemnert og søkkt i Skudefjorden i 1964.
Eit kjært minne for oss som var aktive i Bryggja Musikklag er ei flaggpynta “ Simba “ med oss ombord ein godverslaurdag på veg innover fjorden til musikkstemne, det vere seg Sandane, Stryn eller Olden.Simba avis

Kilde:” Båtar med sjel.”av Malvin Toft.

- Harald Maurstad.-



Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
22. mar
Musikkbasar for Bryggja Skulekorps med gjestekorps Holvik Skulekorps
Bryggja Skulekorps
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening