Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmøtereferat 2005


Årsmøtet vart helde på Bygdekontoret den 24. februar 2005.
Det var 17 frammøtte.


Sak 1 Årsmøteopning av leiar
Randi Husevåg opna møtet med å ønskje alle velkommen.

Sak 2 Konstituering
Samrøystes valde:
Ordstyrar: Randi Husevåg
Referent: Inger Johanne Heikkinen
To til å skrive under årsmøtereferatet: Viviann Midtbø og Peder Ole Maurstad

Sak 3 Godkjenning av innkalling og sakliste
Merknad frå Agnar Fagerlid om at det ikkje er særleg praktisk at så godt som alle lag og organisasjonar i bygda har årsmøte dei siste dagane i februar. Ordstyrar peika på at vedtektene seier at årsmøtet i bygdeutviklingslaget skal haldas før 1. mars og at rekneskapen ikkje vert ferdig før i slutten av februar. Samrøystes vedtak: Årsmøtet gjev styret i oppgåve å utarbeide forslag til vedtektsendring til neste årsmøte, slik at årsmøtet i Bygdeutviklingslaget kan haldast litt seinare. Innkalling og sakliste vart samrøystes vedtekne.

Sak 4 Årsmelding
Denne vart delt ut til alle frammøtte og Inger Johanne Heikkinen las årsmeldinga.
Årsmeldinga vart samrøystes vedteken.

Sak 5 Årsrekneskap
Denne vart delt ut til alle frammøtte og er revidert av valde revisorar, Kirsten Lillebø og Olav Gjesdal.
Ragna Maurstad gjekk kort gjennom samlepostane i rekneskapet og las opp revisjonsberetninga. Rekneskapen vart samrøystes vedteken.

Sak 6 Val av leiar
Vald leiar for 1 år: Randi Husevåg.

Sak 7 Val av styre
To valde styremedlemar for 2 år: Harald Maurstad og Arne Martin Myklebust.

Sak 8 Val av 3 varamedlemar i nummerorden
Tre varamedlemar valde for 1 år:
1. vara Gerd Endestad
2. vara Alfred Solibakke
3. vara Kirsten Lillebø

Sak 9 Val av nytt medlem til valnemnd
Vald for 3 år: Jonas Rimstad. Peder Ole Maurstad går ut av nemnda.

Sak 10 Val av ny revisor
Vald for 2 år: Dagny Nave

Sak 11 Fastsetting av medlemskontingent
Samrøystes vedtak: Neste år aukast medlemskontingenten til kr 150,-.



Inger Johanne Heikkinen- sign.
referent


Viviann Midbø - sign.


Peder Ole Maurstad - sign.
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind