Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 17. mars 2005

Desse møtte: Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Gerd Endestad, Alfred Solibakke og Inger Johanne Heikkinen.

Invitasjonen til ”dugnad vårreingjering” av Bygdekontor og –kafé 15. mars fekk liten respons. Randi, Ragna, Harald og Inger Johanne møtte frå styret. Takk til Rigmor som stilte opp!

Sak 3 Status Søholmen
Kristian Nave informerer at grunnspørsmålet angåande veg til Søholmen er løyst.
Vågsøy Kommune/Søholmengruppa har sendt søknad til fylkesmannen i Sogn og Fjordane/ Miljøvernavdelinga om midlar (kr 77.450,-) til rehabilitering og utviding av 84 meter veg frå huset til Jorunn Glomnæs i nord til sjøen i sør.

Sak 4 Vårsleppen 21. mai kl 10.00-14.00
Harald har vore i kontakt med grunneigar av ”Sverre-kaia” og fått ja til å bruke dette området, inkl. deler av lageret, for Vårsleppen. Brev til lag og organisasjonar i bygda vert postlagt i morgon (ansvar Inger Johanne), og butikkane vert orientert (Coop, ICA, Jonsered, Haugan Blomster, Statoil).

Brev-teksten er:

Det er Bryggja utviklingslag som arrangerer Vårsleppen i år; laurdag 21. mai kl. 10.00-14.00, og vi har fått lov av grunneigar til å bruke ”Sverre-kaia” som treffplass.
Vi tek på denne måten kontakt med lag og organisasjonar for å høyre kven som vil vere med, og på kva slags måte, og håper at dette vil bli ein dag med kjekke aktivitetar for både små og store.
Vi ber alle interesserte lag om å møte med ein representant på Bygdekontoret tysdag
12. april kl 19.00., slik at vi får ein oversikt over dei aktivitetane som skal ha plass.

Spørsmål?
Ring enten Randi Husevåg på mobil 95101806 eller
Inger Johanne Heikkinen, tel. 57854710 / mobil 95070569.


Neste møte: etter Vårslepp-møtet tysdag 12. april kl 19.00


Referent ijh

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind