Fredag 20.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 12. april 2005


Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust og Inger Johanne Heikkinen.

Sak 4 Vårsleppen 21. mai kl 10.00-14.00
I tillegg til styret i utviklingslaget møtte følgjande lag til ”Vårslepp-møte” i kveld kl 19.00:

4H (Oddfrid Vereide), Sanitetsforeninga (Ingebjørg Tenden), YNB (Dagfinn Solheim og Alfred Solibakke), Redningsselskapet (Gudrun Myklebust), Bondelaget ( Bjørg Rimstad), Jeger og Fiskeforeninga (Magne Husevåg), Skulekorpset (Kari Solheim).

Vårsleppen vil òg i år by på sal av mat og drikke, men i tillegg ha meir fokus på aktivitetar for både små og store. Idéane rundt bordet var mange, og fleire vil nok komme til etter kvart som dei ulike laga får planlagt dette i vekene som kjem. For at alt skal samlast på ein plass vil bygdekaféen vere stengd denne laurdagen.
Arrangementet kan bli avlyst ved dårleg ver. Dette vert avgjort seinast kvelden før.
Frammøte for rigging og tilrettelegging kvelden før, dvs. 20. mai kl 18:00.


Sak 5 M/S ”Atløy” på Fjordaferd, til Bryggja onsdag 27. april kl 17.30-18.30
Styret hadde von om å kunne kombinere denne hendinga med Vårsleppen, men timeplana for Fjordaferda er lagt lang tid i føreveg, og ein sein onsdag ettermiddag høver ikkje for Vårsleppen.

Det er derfor gledeleg at skulemusikken vil legge øvinga si til kaia denne ettermiddagen for å skape litt festivitas rundt Fjordaferda til ”Atløy”. 4H ønskjer òg å finne på ”eit eller anna” i samband med dette.
Inger Johanne vil høyre med Kystmuséet om musikantar/4H-medlemmer kan få ein ”god pris” for borna med tanke på kveldsturen på fjorden kl 18.30-19.30.


Sak 6 Bygdeforum 2005
Randi informerte om dato for Bygdeforum: 3. – 4. juni. Vi går inn for Holmedal som møtestad ettersom møtet i fjor var i Nordfjord (Sandane) og året før i Sogn (Jostedalen). Randi melder dette til Oddveig Birkeland.
Bryggja utviklingslag går no ut av Bygdeutviklingsprogrammet og på Bygdeforum 2005 skal vi legge fram sluttrapport for dei tre åra vi har vore med. Dette er førebuingar som tek tid og vert hovudsak på neste styremøte.


Neste møte: onsdag 4. mai kl 18.30


Referent ijh
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind