Fredag 28.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Sjøfuglen

Sjøfuglen heitte ein båt i bygda vår. Den stasjonerte i Hessevik og eigarar var
Knut Åland, Jakob Heggedal og Anders P. Nore, alle frå Bryggja og Gustav Refvik frå Nord- Vågsøy. Båten dreiv for det meste fiske, men vart òg ein del nytta til frakting.
Uversnatta mellom 28- og 29 Januar 19 27 forliste tre fiskebåtar utanfor Sunnmøre, truleg på Buadjupet nord for Runde, og 22 fiskarar miste livet.
Ein av desse båtane var Sjøfuglen frå Bryggja.
Sjøfuglen © eigar av foto: Knut Åland
Sjøfuglen
eigar av foto: Knut Åland
Det vart funne vrakrestar etter dei to mørebåtane Tordenskjold og Havbraut, men ingenting vart funne etter Sjøfuglen.
Vanlegvis var Knut Åland skipper ombord, men denne vinteren var sjøfuglen utleigd til Ulsteinvik på Møre. Med som mannskap var ein av eigarane, Gustav Refvik, og dei tre ungdomane frå Bryggja: Alfred Rimstad, Per Nore og Knut Maurstad.
Denne tragiske hendinga gjorde eit sterkt inntrykk blant bygdefolket, og i etterkant vart det starta to redningsforeiningar , ei i kvar av krinsane i bygda.
Lærar Ola Hausle skreiv dette diktet til minne om dei tre staute ungdomane:

Inn i stilla:
Omkomne i Sjøfuglforliset 1927 © kopi frå Fjodenes Tidende
Omkomne i Sjøfuglforliset 1927
kopi frå Fjodenes Tidende
F.v. Per Nore, Alfred Rimstad og Knut Maurstad
Stormande angstfylte januarnatt
deg me uhugleg vil minnast.
Sjøfuglar mange vart liggjande att.
Herren gjev sorgi må linnast!
Myrkret var tett, orkanen vill;
fyrblink fekk ikkje sleppe til
syna deim veg gjenom drivet,
nett då det spurdest om livet,

Tjuge tvo menner i beste år
la seg til kvila i båra.
Kven kan mæla all saknad sår?
Kven kan vel telja kvar tåra?
Hjarta åt mor av ank og sut
ofte var tyngd for sin kjære gut.
No fekk det dette å lida!
Trøysta du Gud i all kvida.

Siste stormen er stillna no
for desse hjartuge søner.
Opp mot høgdi frå ville sjo
lyfter seg hugvarme bøner.
Inn til Guds hjarta dei nok fann veg.
Guten din- mor, tok han nok til seg,
heim ifrå storm og båra;
Sjå opp og turka di tåra.


Kjelde: Fjordenes Tidende, Einar Nore og Knut Åland.

- Harald Maurstad.-





Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
22. mar
Musikkbasar for Bryggja Skulekorps med gjestekorps Holvik Skulekorps
Bryggja Skulekorps
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening