Fredag 20.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 13. juni 2005

Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust og Inger Johanne Heikkinen. I tillegg møtte Einar Hessevik.

Etter siste ordinære styremøte den 12. april har styret hatt tre møter i mai for førebuing til sluttrapporten som skulle leggast fram på Bygdeforum 2005 i Holmedal og Askvoll 3.-4. juni.
Arne Martin laga ein flott PowerPoint-presentasjon over det arbeidet utviklingslaget har gjort i 3-årsperioden vi har vore med i Bygdeutviklingsprogrammet. Randi la dette fram på Bygdeforum, med Harald som støttespelar på historiedelen.



Sak 7 Prosjekt Penare Sentrum
Styret sender brev til grunneigarane i Bryggja sentrum med følgjande ordlyd:
------------------------------------------
Då Bryggja utviklingslag søkte om deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet låg m.a. Prosjekt penare sentrum som ein del av grunngjevinga i søknaden. Styret finn no tida inne til å setje dette prosjektet i gong.
Vi ha hatt kontakt med Fylkesmannen sitt kontor om midlar til forprosjekt, og i det høve vil ein før ferien foreta ei synfaring på Bryggja saman med folk frå Landbruksavdelinga.
Vi vil med dette orientere grunneigarane om at ei synfaring og eit forprosjekt er på trappene og håper at tiltaket vil bli møtt med positiv interesse.
”Sentrum” har vi definert som strekninga frå tunnelen til den nye naustrekkja. Eigedomar som grensar til veg og/eller sjø i dette området vert berørt.

Kommentarar og/eller spørsmål kan rettast skriftleg til leiaren i Bryggja utviklingslag, Randi Husevåg.
------------------------------------------

Brevet sendast til: Vågsøy kommune, Statens Vegvesen, Coop Nordfjord og Sunnmøre, Tunold Eiendom, Haugan Eiendom, Einar Hessevik, Atle J. Myklebust, Ulf Gjørven, Harald Bakke, Ola Kassen, Gunnar T. Olsen, Knut og Synnøva Åland, Henrik Åland, Berg Kjølsdal, Jon Kjølsdal, Brita Blålid, Nils M. Myklebust, Jan Kåre og Ria Garshol, Kari Hessevik, Linda Hessevik, Arve Aalen, Arne Giil, Britt Raad, Inge Midtbø, Per R. Nore, Asbjørn Nore, Knut Rimstad, Rolf Nore, Helga Nore, Aasta Nore Johnsen, Frank Hessevik, Ragnhild Gjørven og Elin Margareth Myhre.


Neste møte: ikkje fastsett


ijh
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind