Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 8. august 2005


Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Arne Martin Myklebust, Gerd Endestad og Inger Johanne Heikkinen.

Sak 8 Bygdekaféen og Bygdekontoret
Tunold Eigedom AS har i brev av 14. juli 05 sendt Bryggja utviklingslag tilbod om husleige på kr 1500 + strøm kr 500 per månad frå 01.09.05 og i eit år til 31.08.06, dvs. ein kostnad på kr 24.000 per år.
Ettersom utviklingslaget ikkje lenger er med i Bygdeutviklingsprogrammet, reknar vi med ei årleg inntekt på omkring kr 11.000 i åra som kjem. Det er òg uklart kva som skjer med leigeavtala i Tunold-bygget etter 31.08.06.
Samstundes har vi fått signalar frå Bryggja omsorgsenter om at leiinga er interessert i å skape eit ”levande” bygg, og at Bygdekaféen kan flyttast til Dagsenteret i det nye tilbygget (som ikkje er i bruk i helgane). Leiinga ved omsorgsenteret har klarert (muntleg) med Vågsøy kommune at lokalet kan disponerast kostnadsfritt for dette formålet.

Bygdekontoret:
Randi er i kontakt med Gunhild Edvardsen om eventuelt å få laga plass i Biblioteket i Grendahuset slik at kontorutstyret kan flyttast dit; kopimaskin, printer, scanner, server og to datamaskiner.
Den tredje datamaskina kan hende vert plassert i Dagsenter på Bryggja omsorgsenter.

Samrøystes vedtak:
Så sant Bryggja utviklingslag får skriftleg bekreftelse frå Vågsøy kommune om varig og kostnadsfritt lokale til drift av Bygdekaféen, flyttast kafédrifta over til det nye Dagsenteret i Bryggja omsorgsenter.

Neste møte: 22. august 2005

Referent: ijh

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind