Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 25. oktober 2005


Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad, Einar Hessevik, Alfred Solibakke og Inger Johanne Heikkinen.

Status Lefdalsvatnet
Den siste av dei fire informasjonstavlene kjem på plass i morgon. Skulen har fått beskjed om at plakatane no kan hengast opp. Kostnader til sement dekkast av utviklingslaget.

Status Søholmen
All slåttemark vart gått over med beitepussar i sommar. Landfeste til badebrygga skal støypast på dugnad i november. To ting gjenstår før arbeidet med skjøtselsplana kan sluttførast:
* Kalkyle for siste del av vegen fram til J. Glomnes sitt hus (Kristian Nave ber Reiel Fagerlid
om kalkyle).
* Oversikt over floraen på holmen (Sigmund Larsen).

Status bygdekafé
Antal kafégjester har auka etter at bygdekaféen flytta til Dagsenteret i Bryggja omsorgssenter. Kjøkenet mangla eit overskap. Dette har utviklingslaget kjøpt (kr 600,-).

Status bygdekontor
Bygdekontoret har no fått plass i biblioteket. Grendahuset har fått breiband med trådlaust nettverk. Randi høyrer med Kirsten kva som skal til for å få bygdekontoret si datamaskin knytt til nettverket og kva kostnader dette vil føre med seg. Dessutan må vi prøve å få nøkkel til biblioteket/kontoret.

Status heimeside
Brukarane har vore lite flinke til å legge inn stoff i det siste. Randi er ofte i kontakt med brukarane for å få meir liv på sida.

Sak 9 Brev frå Dagfinn Hessevik
I brevet spør Hessevik om utviklingslaget kan/vil gjere noko for å ta vare på jektefestene på Bryggja. Styret vil i første omgang høyre med Gert Meyer/Kystlaget om dei vil ta på seg denne oppgåva.

Sak 10 Prosjekt Utsiktsrydding
Bryggja utviklingslag har gjennom Vågsøy kommune søkt om midlar frå Vegvesenet sitt ”Prosjekt opne landskap”. Vi har fått melding om at laget ikkje får midlar i 2005, men veit gjennom Fjordenes Tidende at Vågsøy kommune har fått tildelt midlar frå neste år. Vidare planlegging av prosjektet tek til så snart vi får svar via Vågsøy kommune.

Sak 11 Bygdesamlinga 2006
Neste samling skal vere i Nordfjord (Hornindal, Breim, Bryggja er aktuelle kandidatar). Vedtak: Bryggja utviklingslag informerer FMLA om at vi ønskjer å arrangere bygdesamlinga på Bryggja i september 2006.

Neste møte:
ikkje fastsett

Referent: ijh

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind