Tysdag 26.januar 2021
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 7. februar 2006


Desse møtte:
Randi Husevåg, Ragna Maurstad, Harald Maurstad og Inger Johanne Heikkinen.


Sak 15 Bygdekontoret
Bryggja utviklingslag har vore med å dele på oppstartavgift for å få installert breiband i Grendahuset (vår andel ca kr 2.700).

Den 2. februar hadde styret i utviklingslaget møte med styret i Grendahuset for å avklare eit alternativt lokale for Bygdekontoret. Bygdekontoret var ikkje særleg brukt før flyttinga frå Tunold-bygget og sidan september 2005 har ingen brukt kontorutstyret i biblioteket (seier bibliotekaren). Sjølv ikkje utviklingslaget kan få brukt eige utstyr utanfor biblioteket sine opningstider og der er heller ikkje plass til å halde dei datakursa som var planlagde. Skal laget få eigen nøkkel til biblioteket, må dette avklarast med kommuna. Då vil utviklingslaget samstundes ha ansvar for biblioteket sine eigedeler og det ansvaret ønskjer ikkje laget å ta på seg.

Det einaste alternativet Grendahuset kan tilby er at utviklingslaget tek på seg å innreie loftsrommet over toaletta, brutto ca 90m².
Her manglar isolasjon i yttervegger, golv, vegger, vindu, elektrisitet, trapp opp og adkomst med bru over frå skuleplassen. Sjølv om ein kan søkje tilskot og gjere mykje på dugnad, vil dette verte eit kostbart prosjekt. Driftskostnader når arbeidet evnt. er gjort er ikke omdiskutert.

Hovudpoenget er: Kontoret har omtrent aldri vorte brukt slik det var tenkt.
I styremøtet diskuterte styret å avvikle Bygdekontoret, men slikt vedtak er ikkje gjort. Styret ønskjer å ta dette opp med medlemmene, t.d. med dei som møter på årsmøtet 2006, etter årsmøteslutt.



Ettersom styret ikkje har motteke forslag til årsmøtesaker, var sak 15 einaste sak på saklista.
Resten av møtet gjekk med til pakking av medlemsgiroar for 2006, med sakliste for årsmøtet til alle som betalte kontingent for 2005.



Dette var siste møte før årsmøtet den 23. februar 2006.

ijh

Status 1.november 2020. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun