Onsdag 26.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmøtereferat 26. februar 2006


Årsmøte i Dagsenteret ved Bryggja omsorgssenter 23. februar 2006 kl 20.00.
Det var 15 frammøtte.

Sak 1 Årsmøteopning av leiar
Randi Husevåg ønskte alle velkomne til årsmøte.

Sak 2 Konstituering
Samrøystes valde:
Ordstyrar: Randi Husevåg
Referent: Inger Johanne Heikkinen
To til å skrive under årsmøtereferatet: Reiel Fagerlid og Kristin Maurstad

Sak 3 Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste godkjende.

Sak 4 Årsmelding
Inger Johanne Heikkinen las opp årsmeldinga, som var delt ut til alle frammøtte. Godkjend, med merknad om 129 medlemar.

Sak 5 Årsrekneskap
Årsrekneskapen var delt ut til alle frammøtte. Ragna Maurstad las opp samlepostane i rekneskapen og revisjonsberetninga. Rekneskapen vart samrøystes godkjend. Merknad frå Reiel Fagerlid om at utviklingslaget bør vurdere å søkje om kommunale næringslivsmidlar til drift ettersom laget ikkje lenger får kommunale tilskot gjennom deltaking i Bygdeutviklingsprogrammet.

Sak 6 Val av leiar
Leiar for 1 år: Inger Johanne Heikkinen, vald ved akklamasjon.

Sak 7 Val av styre
To styremedlemar for 2 år: Randi Husevåg og Martin Kåre Waag, valde ved akklamasjon.

Sak 8 Val av 3 varamedlemar i nummerorden
Tre varamedlemar valde for 1 år:
1. vara Gerd Endestad
2. vara Alfred Solibakke
3. vara Eivind Giil

Sak 9 Val av nytt medlem til valnemnd
Vald for 3 år: Kristin Maurstad. Olav Gjesdal går ut av nemnda.

Sak 10 Val av ny revisor
Gjenvald for 2 år: Olav Gjesdal

Sak 11 Fastsetting av medlemskontingent
Samrøystes vedtak: Medlemskontingenten endrast ikkje.

Sak 12 Endring av vedtektene, §4
Samrøystes vedtak for styret si innstilling.


Reiel Fagerlid .sign
Kristin Maurstad . sign.
Inger Johanne Heikkinen . referent/sign.
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud