Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Møte 9. mars 2006-Planlegge Vårsleppen

Planleggingsmøte for arr. ”Vårsleppen 2006.” (møte på Omsorgssenteret 25.04.06.)

Leiar Inger Johanne hadde kalla inn styret i Utviklingsutvalet og tillitsvalde for div. lag i bygda, samt dei som driv handel. Dette for å setje ramme- og koordinere idear / aktivitetar ved Vårsleppen 2006, som skal arrangerast på Jonaskaia laurdag 20. mai -06, kl. 10.00 – 14.00.

Desse møtte:
Styret: Inger Johanne Heikkinen, Harald Maurstad, Randi Husevåg og Martin K Waag.

Skyttarlaget: Roald Svoren
Jeger-og fiskeforeninga: Magne Svoren
Idrettslaget: Astor Henriksen
Ytre Nordfj. Brass: Eli Vambeseth
4H: Mariell Hole
Sanitetsforeninga: Liv Midtbø – Randi Husevåg
Redningsklubben: Gudrun Myklebust
Skulekorpset: Orlaug Ødegård
Coop- butikken: Liv Midtbø

Ved rundspørjing om kva den einskilde hadde planar om som aktivitetar, synte det seg at nokre hadde sine alternativ klare, andre ville kome attende til det når dei hadde diskutert det i sine lag. Tilbakemelding til leiar Inger Johanne.

Førebels tenkjer dei seg dette som sine aktivitetar ved Vårsleppen 20. mai – 06:

Jeger – og fiskeforeninga: Lavvo m. div. aktivitetar.
YNB: ”Høgeberget opp” –via Skaret, tippekonkurranse, sveler, pilkast. Korpsmusikk.
Skulekorpset: Tombola. Korpsmusikk.
Saniteten: Servering av rømegraut.
Idrettslaget: Ubestemt endå. Lodd? Ball-leik?
Skyttarlaget: Ubestemt endå.
4H: Pølser med brød. Moro og leik.
Coop: Ubestemt endå.
Redningsklubben: Kaffi, kaker, lotteri.
Hagelaget (ikkje repr.): Plantesalg.

Fredag 19. mai møter styret + laga kl. 18.00. Førebuing, bord, stolar m.m. NB: Straum.

Dersom veret ikkje er ”brukande”, må arrangementet avlysast på kort varsel.



Ref.: mkw
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind