Måndag 30.november 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 25. april 2006

Desse møtte:
Inger Johanne Heikkinen, Randi Husevåg, Harald Maurstad, Martin K Waag.

Sak 03/06: Utviklingslaget – bruk av nettbank.

Vedtak (samrøystes):
Kasserar Randi Husevåg får fullmakt til å opprette nettbank-tilgang for Utviklingslaget sin konto i Sparebanken Vest.

Sak 04/06: Dekking av straumutgifter i samb.m. ”Vårsleppen” 2005-2006.

Vedtak (samrøystes):
Utviklingslaget dekker straumutgiftene på ”kaia” til ”Vårsleppen”-arrangementa 2005 og 2006.

Sak 05/06:Kunngjering av Vårsleppen 2006.

Vedtak (samrøystes):
Vi kunngjer arrangementet ved plakatar, omtale og annonse i Fj.Tidende .
Utviklingslaget dekker annonsekostnadene.


Sak 06/06: Prosjekt ”Lisjebrua.”

Vedtak (samrøystes):
Arbeidet med prosjektet vart ferdig utført til påske 2006. Prosjektet er dermed fullført.
Rapport vert å sende Vågsøy kommune. Harald og Randi tek seg av å forme- og sende rapporten.


Sak 07/06: Kontor- og datautstyret til Utviklingslaget- plassert i Bygdatun.

Vedtak (samrøystes):
Randi Husevåg overtek ein PC og disponerer scanner for å drive ”Bryggja-sida.”
Resten av datautstyret + kopimaskinen prøver laget å selje. Leiar får fullmakt til å ta seg av salet.


Sak 08/06: Utsending til InnoBygd 16. –17. juni 2006.

Vedtak (samrøystes):
Leiar Inger Johanne Heikkinen får fullmakt til å delta. Utviklingslaget dekker kostnader inntil kr.4.000,-

Sak 09/06: ”Fjordaferda 2006.”

Vedtak (samrøystes):
Veteranbåten ”Atløy” kjem til Bryggja 26.04.06. I det høve vil 4H steike sveler m.m. (Ver-atterhald.)
Utviklingslaget er kontaktledd ved besøket.


Martin Kåre Waag
referent.

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Bilder frå 17-mai toget på Bryggja, og om morgonen
Har vi nokre nye nyheiter til Bryggja sida her ?
Status Sandvolleyballbana på Søholmen