Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 10. oktober 2006



Desse møtte:
Inger Johanne Heikkinen, Harald Maurstad, Martin K. Waag og vara Gerd Endestad. Som kommunal representant møtte Einar Hesevik.

Sak 10/06: Framlegg til avtale mellom Vågsøy kommune og ”Søholmgruppa”.

Saksgrunnlag: Framlegg som vart utardbeidd i Arbeidsgruppa 04. oktober 2006.
Styret gjekk gjennom framlegget. Stort sett semje om innhald og ordlyd, med nokre justeringar.
Samrøystes vedtek vi fylgjande – litt endra- framlegg:

Avtale mellom Vågsøy kommune (VK) og
Bryggja utviklingslag, Hei og Hå 4H og Kystlaget Hornelen (heretter kalla Søholmengruppa: SG)

Bakgrunn:
Sitat frå forslaget frå kommuna (må formulerast om):

”SG ønsker å tilrettelegge og skjøtte Søholmen friluftsområde.

VK gir SG rett til å disponere uteareal, bygg og murer etter bygg på Søholmen friluftsormåde (gbnr. 156/3 og 156/4) på følgende vilkår:”

VK har ansvar for å få på plass formell avtale om grunn til parkeringsplass og veg frå parkeringsplass til Søholmen.

SG har ansvar for at p- plassar og sti / veg vert opparbeidd.

VK har ansvar for å skaffe bossdunk (Asvo) til parkeringsplass og å tøme denne gjennom den vanlege renovasjonsordninga, utan kostnad for SG.

SG har ønskje om mindre nybygg på Søholmen (t.d. utedo/reiskapshus/naust/grillplassar/ overbygd platting). VK v/ planleggar utarbeider ein plan etter gjeldande lover og regelverk for utforming og plassering av nybygg på Søholmen etter drøftingar mellom VK og SG.

VK har ansvar for hovudhuset og framtida til dette.

SG har ansvar for å byggje ein utedo av enkel standard på Søholmen, og å tøme denne.

SG har ansvar for å sende søknad om midlar kvar vår (mars/april) for å dekkje kostnadar med slått og rydding av vegetasjon som skjøtselstiltak. SG har ansvar for at arbeidet vert gjort.

VK og SG utarbeider i fellesskap reglar for framferd på Søholmen friluftsområde.

VK har ansvar for å setje opp skilt som viser veg til Søholmen ved riksveg og ved parkeringsplass, inkl. skilt på parkeringsplass og ved Fjordly som regulerar motorisert ferdsel på friluftsområdet.
SG har ansvar for å setje opp oppslagstavle ved parkeringsplass og på Søholmen, og å setje opp reglar for framferd på Søholmen på tavlene.

SG har til einkvar tid namn på ein kontaktperson opp mot VK.

Ein representant frå kvart av dei tre laga underteiknar avtale med VK.



Når dei ulike styra møtest 24. oktober 06, er det bl.a. viktig å få med n0oko om følgjande:
- Eigarskap til ev. framtidige bygningar på Søholmen.
- Vedlikehald
- Forsikring.



Neste styremøte: tysdag 07. nov. kl. 19.30. (Evaluering av Vårsleppen)


Referent: Martin K Waag
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind