Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 16. januar 2007


på Aktivitetssenteret Bryggja Omsorgssenter

Desse møtte: Inger Johanne Heikkinen, Harald Maurstad, Randi Husevåg, Gerd Endestad og Martin K. Waag.

SAK 01-07: FASTSETJING / FØREBUING AV ÅRSMØTE 2007

Vedtak:
Årsmøtet vert sett til onsdag 28. mars -07 kl. 20.00 på Aktivitetssenteret.
Framlegg til årsmøtesaker skal vere styret i hende innan 07. mars-07.
Innkalling skjer på kontingentgiroar som skal sendast ut i rett tid føreåt.
Møtet vert også kunngjort ved plakatar.
Inger Johanne orienterer valnemnda: Viviann Midtbø, Jonas Rimstad og Kristin Maurstad.
Styret held nytt møte tirsdag 20. mars for å gå gjennom ev. innkomne saker og setje opp endeleg sakliste. Framlegg til årsmelding vert også gjennomgått / ev. justert då.

-samr.-


SAK 02-07: MAURSTAD GAMLE BRU. FERDIGSTILLING AV VEG

Det har kome førespurnad frå bygda om kva som skjer med vegen aust for gamle Maurstad skule. Det synest som om dette arbeidet har stoppa opp. For å få klarhet i dette, vil ein kalle inn styret i Vernelaget for bruprosjektet for å få tak i kva som ev. før er bestemt- og for å få gjort arbeidet ferdig.

Vedtak:
Styret held styremøte på saka tirsdag 30. januar 2007 kl. 18.00. Leiaren kallar inn styret for Vernelaget for gamle Maurstad bru. Målsetjing: Å få klarhet i kva som er bestemt og ev. hjelpe til med at prosjektet vert ferdiggjort og sluttført.
-samr.-


SAK 03-07: JEKTEFESTE PÅ BRYGGJA

Det har kome førespurnad frå bygda om kva som skjer med arbeidet ang. oppattmerking og rydding kring jektefesta i bygda. Styret handsama saka.

Vedtak:
Leiar tek kontakt med Kystlaget Hornelen om oppattmerking av jektefesta og rydding rundt desse.
-samr.-


Ref.: M. Waag.
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind