Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 30. januar 2007


Frå styret møtte: Inger Johanne Heikkinen, Harald Maurstad, Randi Husevåg, Alfred Solibakke og Martin K Waag.

Vernelaget for gamle Maurstadbrua var innkalla på møtet. Desse møtte for Vernelaget: Jon Kjølsdal, Harald Brobakke, Jens Sølvberg,. Jan Magne Heggedal og Lillian Henriksen.

Sak 04-07: PROSJEKT MAURSTAD GAMLE BRU. FERDIGGJERING AV GANGVEG

Jan Heggedal hadde først ein grundig gjennomgang av historikken til prosjektet- og historia til samferdsla i bygda frå midt på 1800-talet fram til dette prosjektet med bru-restaurering vart sluttført. Deretter vart prosjektet diskutert. Ein vart einige om at det som står att skal løysast som vedtaket seier:

Vedtak:
Utviklingslaget kostar den massen som skal til for å stelle / ferdiggjere turstien som fører til Gamle Maurstad bru- aust for gamle Maurstad skule. Jan Heggedal tek initiativ til oppstart – og utfører arbeidet i løpet av våren 2007.
-samr.-


Ref:
Martin K Waag

Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind