Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmøtereferat 28. mars 2007


Årsmøte i Dagsenteret ved Bryggja omsorgssenter 28. mars 2007 kl 20.00.
Det var 14 frammøtte.

Sak 1 Årsmøteopning av leiar
Inger Johanne Heikkinen ønskte alle velkomne til årsmøte.

Sak 2 Konstituering
Samrøystes valde:
Ordstyrar: Inger Johanne Heikkinen.
Referent: Martin K Waag
To til å skrive under årsmøtereferatet: Børje Heikkinen og Viviann Midtbø

Sak 3 Godkjenning av innkalling og sakliste
Innkalling og sakliste godkjende.

Sak 4 Årsmelding
Martin K Waag las opp årsmeldinga, som var delt ut til alle frammøtte. Samrøystes godkjend.

Sak 5 Årsrekneskap
Årsrekneskapen var delt ut til alle frammøtte. Randi Husevåg las opp samlepostane i rekneskapen og revisjonsmeldinga. Rekneskapen vart samrøystes godkjend.

Sak 6 Val av leiar
Leiar for 1 år : Kristin Maurstad, vald ved akklamasjon.

Sak 7 Val av styre
To styremedlemar for 2 år Jetmund Nyvang og Olav Gjesdal, valde ved akklamasjon.

Sak 8 Val av 3 varamedlemar i nummerorden
Tre varamedlemar valde for 1 år:
1. vara: Anita Endestad
2. vara: Kitt Brobakke Rajeswaran
3. vara: Rune Hole.

Sak 9 Val av nye medlemer til valnemnd
Monica Roset (2år) , Cecilie Kvernevik (3år). (Jonas Rimstad – ikkje på val.)

Sak 10 Val av nye revisorar
Olav Gjesdal går ut etter 1 år, fordi han er vald inn i styret.
Nye revisorar: Linda Kassen (2år). Torill Heggedal (1 år.)

Sak 11 Fastsetting av medlemskontingent
Samrøystes vedtak: Medlemskontingenten vert ikkje endra.

Sak 12 Innkomne saker:
Vernelaget for Maurstad Gamle Bru søkjer om at BU skal ta over framtidig tilsyn med brua.

BU sitt framlegg til vedtak:
”Søknaden frå Vernelaget for Maurstad Gamle Bru vert ikkje imøtekomen”

VEDTAK: Som framlegget. Samrøystes.

Martin K Waag, (ref.)
sign.


Børje Heikkinen
sign.


Viviann Midtbø
sign.




Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind