Torsdag 19.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 14. april 2008

på Bryggja omsorgssenter kl. 20.00

Desse møtte: Betty Hessevik, Olav Gjesdal,
Anita Endestad og Kristin Maurstad
Fråverande: Jetmund Nyvang


Sak 07/08 Kommunedelplan skule
Styret diskuterte om vi skal uttale oss angåande høyringa på kommunedelplan for skulen. Fleire lag i bygda har skrive under eit innspel i høyringsprosessen.
Oddfrid Vereide og Karin Vambeseth frå FAU ved Bryggja skule orienterte om FAU sitt engasjement for å redde skulen. Dei jobbar med å få ein ekstern forelesar som kan snakke om emnet. Dei vil ha Bryggja utviklingslag med på å arrangere.

Vedtak: Betty Hessevik skriv under høyringsuttalen som representant for utviklingslaget. Bryggja utviklingslag vil vere med på å støtte omtalte arrangement med økonomiske midlar. Betty Hessevik og Anita Endestad vil representere laget i planlegginga.


Sak 08/08 Kaféskilt
Kjellfrid Rundshaug har fått laga nytt skilt til bygdekafeen. Dette har ho finansiert ved å bruke pengar frå kafédrifta.

Vedtak: Bryggja utviklingslag betaler skiltet til bygdekafeen.



Kristin Maurstad
- referent-



Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind