Måndag 16.desember 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 25. januar 2010


Referat frå styremøte, mandag 25. januar 10 kl 20.00
Stad: Bryggja omsorgssenter

Desse møtte:
Betty Hessevik, Anita Endestad og Roger Rimstad

Desse hadde meldt fråfall:
Kristin Maurstad, Arne Husevåg

Desse kunne ikkje møte:
Iselin Endal Jepsen, Monika Roseth Fagerlid, og Kristen Heggedal (vararepr.)

Sak 01/10 Mobildekning i Rimstaddalen
Orienteringssak. Telenor har kalkulert prosjektet til ca kr 400 000,-. Etter søknad på fylkeskommunale midlar ved hjelp av Måløy Vekst v/ Kristn Maurstad har ein skaffa kr. 200 000,-. Kommunen må dekke inn det resterande. Dette vil bli teke opp i formannsakp og kommunestyre i fyrste del av februar. Leiar i utviklingslaget har bede rådmannen om å ta initiativ til eit møte med telenor for ei drøfting om prosektet med tanke på om ein lokalt kan bidra med noko for å få prosjektet i hamn.

Sak 02/10 Søholmen
Vegen til Søholmen er opprusta for kr. 90 000,-. Dette er gjort i samråd med fylkesmannen då deler av midlane skulle gå til skilting. Det er søkt om nye midlar til skilting og skjøtsel i 2010.
Heller ikkje i fjor lukkast det å ferdigstille toalettbygget. Det vert teke nytt initiativ med det første for å komme i mål med dette.

Sak 03/10 Lys langs skogsvegen frå Naveosen til Lefdalsvatnet.
Kristin Maurstad, som sa seg villig til å vere ansvarleg for denne saka i utviklingslaget, har ikkje hatt tid til å prioritre saka.
Dersom det er mulig å få gjennomføre dette anlegget, bør ein be Vågsøy kommune om å stå som byggherre slik ein kan få refundert momsen.
Leiar tek kontakt med initiativtakar Arne Maurstad.

Sak 04/10 Bygdekafeen.
Framtid drift av bygdekafeen vert sett opp som årsmøtesak med bakgrunn i endra interesse frå lag om å ta ansvar for drifta.

Sak 05/10 Utstyr
Utviklingslaget eig eit databord og ei datamaskin som er lagra på omsorgssenteret og som ikkje er i bruk. Datamaskina vert levert om elektronisk avfall. Databordet vert også lever som avfall dersom ein ikkje lukkast å finne nokon som kan ha nytte av det.

Sak 06/10 Årsmøte 2010.
Rekneskapen: Anita har ansvar for å få denne revidert i god tid før årsmøtet.
Årsmelding: Ansvarleg Betty.
Valnemnda: Betty tek kontakt med medlemmane.
Dato: tirsdag 9. mars kl. 20.00 på omsorgssenteret.

Sak 07/10 Evalueringsrapport av bygdeutviklingsprogrammet.
Rapporten vert lagt fram på årsmøtet.

Sak 08/10 Div. Spørsmål til utviklingslaget
· Rydding av sti rundt Lefdalsvatnet: dette kan vere ein aktuell aktivitet i vår / sommar.
· Skogrydding / utsiktsrydding, skilting, plan for Bryggja sentrum: dette er omfattande prosekt som styret har arbeidd med tidlegare år og som ikkje vert prioritert på noverande tidspunkt.


Betty Hessevik
Ref.
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00