Onsdag 26.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Årsmøtereferat 9.mars 2010


Stad: Bryggja omsorgsenter 9. mars 2010 kl. 20.00

Leiar ønskte velkomen til årsmøtet.

Sak A. KONSTITUERING
1 : Godkjenning av innkalling og sakliste: Samrøystes vedteke
2 : Val av møteleiar og referent. Møteleiar Betty Hessevik. Sekretær Roger Rimstad. Samrøystes vedteke.
3 : Val av to personar til å underteikne møteboka. Bjørn Holvik og Rigmor Navekvien. Samrøystes vedteke.


Sak B. ÅRSMELDING
Leiar las opp årsmeldinga for 2009.
Årsmeldinga vart samrøystes godkjent.


Sak C. REKNESKAP
Kasserar Anita Endestad gjorde greie for økonomien i 2009, og las opp revisjonsmeldinga. Rekneskapen vart samrøystes godkjent.

Sak D. INNKOMNE FRAMLEGG
1 : Vidare drift av bygdakafeen.
Det blei diskutert at drifta av kafeen trengde betre korrigering på kven som skal ansvaret for kvar enkelt laurdag. Pensjonistlaget har teke stor del i denne korrigeringa, men vil ikkje ta på seg dette ansvaret åleine. Årsmøtet bestemte at bydgeutviklingslaget oppnevner ein representant som ilag med pensjonistlaget har ansvar for korrigering av drifta.

Samrøystes vedteke.


Sak E. HANDLINGSPLAN FOR 2009

· Mobildekning i Rimstadalen
· Samla strategi for bustad- og næringsutvikling på Bryggja. ”Bryggja 20xx”.
· Søholmen
· Bygdekafeen
· Vidare drift av www.bryggja.no
· Lysløype på skogsbilvegen til Maurstad

Samrøystes vedteke.

Sak F. FASTSETJING AV MEDLEMSKONTINGENT
Framlegg frå styret: Medlemskontingenten vert uendra. Kr. 150 for husstandar, kr 500 for bedrifter og kr. 400 for lag /organisasjonar.

Samrøystes vedteke.

Sak G. VAL
1 : Val av leiar for eit år: Arne Husevåg.

2 : Val av 2 styremedlemmar for 2 år: Annette Wiederstrøm og Jan Svein Hammer
Val av eitt styremedlem for eitt år: Ingvild Nave

Styret konstituerar seg sjølv og vel nestleiar, kasserar og sekretær.

3 : Val av 3 varamedlemer i nummerorden:
1. vara: Betty Hessevik.
2. vara: Monica Roset Fagerlid.
3. vara: Kristen Henning Heggedal.

4 : Val av 1 nytt medlem i valnemnda for 3 år: Kristin Maurstad

5 : Val av 1 revisor for 2 år: Torill Heggedal

Alle samrøystes valde ved akklamasjon.

Leiar takka for tilliten og avslutta årsmøtet.


Roger Rimstad
- sekretær-



Bjørn Holvik Sign.

Rigmor Navekvien Sign.


Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening