Fredag 28.februar 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Styremøte 26. september 2011

Tilstades:
Arne Husevåg, Torill Holvik, Jan Svein Hammer og Anette Wiederstrøm.
Roger Rimstad hadde ikkje høve til å møte.


Sak I: Prosjekt Bryggja 20xx.
Tilstades frå prosjektgruppa Bryggja 20xx var Arve Aalen i tillegg til styret i utviklingslaget.

Vågsøy kommune arbeider med rullering av kommuneplan. Kommunen ynskjer i fyrste omgong innspel til kommuneplanens sosiale del.

Prosjektgruppa ser at Bryggja fyrst og fremst har eit stort utviklingspotensiale som eit bu- og oppvekstområde. Dette med bakgrunn i at Bryggja ligg i pendlaravstand til ei rekkje arbeidssenter rundt om, og allereie innehar dei funksjonane som trengst for eit godt bu- og oppvekstområde.

Utviklingslaget vil freiste å utforme eit innspel der ein legg vekt på vidareutvikling av Bryggja til eit godt bu- og oppvekstområde.


Sak II: Invitasjon til erfaringskonferanse.
Utviklingslaget ser at konferansen kan vere nyttig for arbeideti utviklingslaget, men diverre har ikkje nokon av medlemmane i utviklingslaget høve til å reise denne gongen.


Sak III: Førespurnad om lysløype rundt Lefdalsvatnet.
Utviklingslaget har fått inn ein førespurnad frå hytteeigar om utviklingslaget kan engasjere seg i høve lysløypeanlegg rundt Lefdalsvatnet. Bygda har i dag allereie eit lysløypeanlegg med blant anna kostnader knytt til drift og vedlikehald. Utviklingslaget ser med føreliggande opplysningar det som vanskeleg å skulle fronte eit nytt lysløypeanlegg.


Sak IV: Førespurnad om utviklingslaget kan utføre dugnad/organisere dugnad til rydding av turløype.
Utviklingslaget har ikkje kapasitet til å utføre dugnad/organisere dugnad rundt rydding av turløyper. Lokale grunneigarar, utmarkslag og turlag pleier å stå for organisering av slike dugnadar. Det er truleg høve for desse til å søkje kommunen eller foreiningar om økonomisk støtte.


Skrivar, Jan Svein Hammer
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. feb - 31. jul
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
1. mar
Årsmøte i skyttarlaget, frist for saker seinast 26.feb
Bryggja Skyttarlag
4. mar
innkalling til 17-mai komitèen for 2020, vedlagt liste
22. mar
Musikkbasar for Bryggja Skulekorps med gjestekorps Holvik Skulekorps
Bryggja Skulekorps
26. mar
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 5.mars
29. mar
KOR-KAFE i Bryggja Kulturhus
Vestavind
19. apr
Ettermiddag konsert med YNB og gjestekorps Gursken Brass
Ytre Nordfjord Brass
17. mai
Årets 17-mai komitè
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening