Fredag 14.desember 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Info arrangement

Private og offentlege verksemder –lag og organisasjonar i Eid og Nordfjord inviterast til påsketreffen i Operahuset Nordfjord "bli-kjed-fest"

Tid: Tysdag 27. mars kl. 20:00
Stad: Operahuset Nordfjord
Arrangør: Påsketreffen v/Arild Hjelmeland

Til private og offentlege verksemder –lag og organisasjonar i Eid og Nordfjord
Nordfjordeid, 06. februar, 2018
Påsketreff 2018

Inviterer deg og di bedrift til å bli kjend med folk og næring i Nordfjord
Set av kvelden 27. mars frå kl. 20.00 i Operahuset Nordfjord til «bli-kjend-fest» saman med fine folk - og eit spennande og mangfaldig næringsliv i Nordfjord!
Vi ønskjer igjen å invitere verksemder og kommunar til å vise fram kva vi har å tilby alle som er interessert i å arbeide, bu, leve eller etablere seg i Nordfjord til treff i påska.
Eid kommune er prosjekteigar.
I 2018 har Påsketreffet teke vare på det beste frå tidlegare år og lagt til rette for nye opplevingar; Det vert ikkje eigne stands for kvar bedrift – men felles områder i Operahuset for samtalar over mat og drikke, der informasjon og underhaldning vert noko av det som skjer.
Vi lovar gjensynsglede, hygge og fest saman med gamle og nye kjennskap, prat rundt god mat, godt drikke, god musikk og overraskingar.
(Inviter dykkar nettverk også til treffet)
Tema og nøkkelord;

* Bli kjend-med nye samarbeidspartar i Nordfjord
* Bli kjend-med potensielle nye medarbeidarar
* Bli kjend-med mat i Nordfjord
* Bli kjend-med etableringsmogelegheiter
* Bli kjend-med Stad 2020 og Stad Vekst
* Bli kjend-med Malakoff 2018
* Bli kjend-med kva venner har gjort sidan sist

Sjå for meir informasjon www.stad2020.no
– del dette gjerne med andre – takk


Mvh
Arild Hjelmeland
-prosjektleiar, påsketreff 2018-

+47 456 00 526

SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??
Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun