Måndag 19.august 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Info arrangement

Ope folkemøte stadsutvikling Bryggja i Stad kommune

Tid: Torsdag 25. oktober kl. 18:00
Stad: Bryggja Grendahus
Arrangør: Stad 2020

.
Meir info i plakaten (pdf)


Ta del i utvikling av bygda di!
Stad skal vere eit attraktivt bu- og arbeidsområde med gode, livskraftige stadar for folk å bu. Vi ønsker å byggje levande og berekraftige stadar i heile
kommunen. - No treng vi ditt engasjement og dine innspel for å leggje ein god plan for arbeidet.
I oktober startar vi “jakta på folkeviljen” og i samarbeid med ditt bygdelag inviterer vi til ope folkemøte for å få dine synspunkt og tankar om framtida
for di bygd.
Møta er også for dei som bur i kringliggjande bygder!

Vi ønskjer dine svar på:
Kva er viktigaste kvalitetane ved staden?
Kva er dei største utfordringane?
Kva rolle og funksjon kan staden ha i nye Stad kommune?
Korleis utvikle staden vidare?

Bakgrunn for prosjektet:
Fellesnemnda for Stad kommune har vedteke å starte eit
stadsutviklingsprosjekt og eit prosjekt knytt til utarbeiding
av ein reiselivsstrategi.
Kunnskapsgrunnlaget som blir arbeidd fram i samband med
stadsutviklingsprosjektet skal nyttast inn i arbeidet med
reiselivsstrategien og i vidare arbeid med utvikling av stadane.
Prosessane vil derfor gå parallelt, med felles styrings- og
prosjektgruppe.

Velkomen til møte! - Håper du er med.

Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind