Søndag 19.mai 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Info arrangement

ope møte/folkemøte om SKAL BRYGGJA VERE EIGE SOKN??

Tid: Torsdag 6. desember kl. 18:00 - 19:00
Stad: Bryggja Grendahus
Arrangør: .


Når kommunegrenser vert justerte får dette også følgjer for soknegrensene i Den Norske Kyrkja. Når Bryggja frå 01.01.2020 vert ein del av nye Stad kommune vil ein ikkje lenger høyre til sokna i Vågsøy (Kinn). Alternativa er å enten bli ein del av eit allereide eksisterande sokn (t.d. Kjølsdalen) eller å skipe eige sokn for Bryggja/Totland.

Bryggja Utviklingslag og representantane frå Vågsøy sokneråd i den kyrkjelege fellesnemnda for Stad vil gjerne vite kva folket i Bryggja meiner om dette og
innviterer til eit ope møte/folkemøte i Bryggja Grendahus torsdag 6. desember kl. 18.00 – 19.00.

På dette møtet vil prosjektleiar for den kyrkjelege fellesnemnda for Stad orientere om forskjellen på å vere eige sokn eller å vere ein del av eit støre sokn. Det vil også bli orientert om prosessen Stad kyrkjelege fellesnemnd er inne i, samt om tilhøvet til sokna og førebuingsarbeidet fram til val av nye sokneråd ved kommuneval og kyrkjeval i september 2019.
Møtelyden vil få høve til å velje kva alternativ dei meiner er best for bygda.
Vi oppmodar alle om å møte opp og vere med å avgjere kva alternativ folket i Bryggja skal velje!

Program for 17-mai på Bryggja 2019
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H

 

9. mar - 23. mai
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
22. mai
Onsdagstur Øgarden frå Hole
Bryggja Sanitetsforening
25. mai
MARKNAD PÅ BRYGGJA på Nore Fjordsenter
Ytre Nordfjord Brass
29. mai
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
5. jun
Onsdagstur frå Vaulen til Nykjen, parkering ved bilveg mot Åheim
Bryggja Sanitetsforening
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind