Lefdalsvatnet-områdetiltak
|
 | Gamle borda frå 2006 olja oppatt i 2018, mosegrodde ,var laga av Roar Haugan | Randi Husevåg |
 | Gamle borda frå 2006 olja oppatt 2018, mosegrodde | Randi Husevåg |
------
Dugnad med stolpar til brua
Sjå bilder frå opninga av tursti 28.mai 2006
No er litt informasjon frå skulen komt på tavlene. Gå inn å sjå og les informasjonen.



I april 2006 fekk Peder Ole Maurstad jamna stien på nordsida av vatnet, denne skal såast med frø. Fint å kome seg inn på neset no.

Dugnad i oktober 2005 
Ein søndag og nokre kveldar har vi brukt på å få opp dei 4 informasjonstavlene. Vi har grava, bora og støypt fundament og montert dei opp. Ei står ved Naveosen, ei på Strandabergsenden i skogsvegen, ei ved veien ned til Lefdalsvatnet og siste ned ved vatnet. Gå berre opp å sjå. Takk til Karl, Ragna, Alfred, Kim Andre, Magne og Randi som har montert.
Skulen har bygd dei og skal bruke dei til informasjon.
 | Steinbordet på Strandabergenden | Peder Ole har plassert eit fint steinbord og steinbenk på turstien til Lefdalsvatnet. |
 | tavle ved vatn-nov2005 |
 | tavle ved Heggheim-2005 |
 | tavle i fjell ved Strandaberget |
 | tavle graving ved vatnet |
 | tavlemontertring ved Strandaberget |
Dugnader i august og september 2004
Takk til dei som var med på dugnad med saging og stabling av ved.
 | Stabling |
 | Slitne |
 | Saging i sept |
 | Pause |
 | Dugnad i sept |
Dugnad den 16. august 2004
4H hadde første observasjon av egg i fuglekassene våren 2004
4H hadde tur til Lefdalsvatnet med mange fuglekasser 5. april 2004
Rapport frå dugnaden laurdag 8. november 2003
 | Dugnadsgjeng |
Vi bestemte på onsdagen før at vi samla oss til dugnad på laurdag. Vi hengde opp plakatar og oppfordra bygdefolk og 4H til å møte.
Vi takkar desse som møtte: Sagarane Kjell-Arne, Peder-Ole, Alfred, Idar, Magne. Ryddarane Ragna, Sigrid, Kim-Andre, Per Kroken og Randi.
 | Rydding av tre |
Vi fekk saga ned alt som vi tenkte no i haust. Rydda vekk det meste av kvist og eine.
Ragna laga god betasuppe som vi varma oss på.  | Matpause |
Vi fekk også kaffe og kaker til.
Det som står att å gjere no eller til våren er å kappe, kløyve og stable veden som vi kan bruke ved sitteplassane. Jamne underlaget og gruse plassane for dei 4 benkane. Stien er merka med raude sløyfer.
Miljøkvalitet og kulturlandskap, og med tursti rundt vatnet
Historikk:
Der var synfaring 14.oktober 2003. Nokre grunneigarar gjekk rundt vatnet og prosjektansvarleg Randi Husevåg skreiv opp meiningar underveis. Rapporten og plan vidare med prosjektet er sendt til grunneigarane, skulen, 4H og jegerforeninga.
Dersom veret held så vert det starta med rydding i slutten av november i år.
Vi har søkt om midlar frå fylkesmannen om områdetiltak til Lefdalsvatnet.
Vi har fått tilsagn på kr 20000,- som vi får utbetalt dersom vi går inn på eit prosjekt som har med miljøkvalitet og kulturlandskap.
Bygdeutviklingslaget er ilag med Bryggja og omegn jeger- og fiskeforrening om dette prosjektet. Jegerforreninga har fått midlar til å forbedre vasskvaliteten i vatnet.
|
|
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
|