Onsdag 20.mars 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Kunstnaren Erling Solheim

Erling Solheim © ukjent
Erling Solheim
ukjent
Erling Solheim var fødd på Bryggja i 1911 og døydde i 1973. Han har sett mange spor etter seg i bygdene i Nordfjord. Erling var son til lærar Anders Solheim og Anne Brobakke. Etter folkeskulen drog Erling Solheim til Ålesund på middelskulen, og seinare til gymnaset på Eid. I gymnastida måla han fleire bilete som hang på veggene i skulen. Som teiknar var Solheim sjølvlært. Han fekk aldri høve til å ta utdanning i den retninga han hadde slik givnad. Eitt av dei første større arbeida hans var sceneteppet i ungdomshuset på Blakset. Det er 4 x 3 meter og viser utsyn mot Hildeneset og Innvikfjorden. Det måla han då han var 17-18 år gammal. Solheim laga mange hundre teikningar med motiv frå nordfjordbygdene. Dei fleste nordfjordingar har sett ei Solheim-teikning. Stilen er særprega og lett å kjenna att. Dei vanlegaste motiva er Nordfjordmiljø, ofte med dyr som er naturtru og livfullt attgjevne. Mange har tykt vel om teikningane hans, og dei finst i mange stover i Nordfjord.
-Rigmor Navekvien-
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

9. mar - 23. mai
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
24. mar
Årsmøte m/utdeling av merker
Bryggja Skyttarlag
27. mar
Orienteringsmøte ang. grensejustering
31. mar
MUSIKKBASAR for Bryggja skulekorps
Bryggja Skulekorps
4. apr
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 28.mars
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
7. apr
Ytre Nordfjord Brass held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag