Onsdag 21.november 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Kommunikasjon


SKYSSORDNINGA
Ein viktig del av samferdsla heilt fram til vår tid


I eldre tider var det “Ystebryggja” som var trafikk-knutepunktet i bygda. Vegen over Maurstadeidet vart ferdig i 1866, dampskipsekspedisjonen vart flytt inn til Ytre Nore fyrst på 1900-talet, og trafikkmønsteret endra seg.
I åra frå 1910 til 1920 var det skyss-stasjon på Indre Nore. Stasjonshaldar var Anders E. Nore. Etter protokollen frå denne tida går det fram at det vart nytta færing eller seksring for “allmugen”, og motorbåt når “ øvrigheta” skulle ha skyss.
Over Maurstadeidet vart det nytta hesteskyss.
Seinare, medan bygginga av rv. 160,( no rv. 15) utover langs fjorden pågjekk, vart det drive fergetrafikk mellom Haus og Bryggja og mellom Bryggja og Måløy.
Båten heitte Norrøna og frakta både bilar og passasjerer.
Eigar og båtfører var Knut Nore, som dreiv etter avtale med fylkesbåtane. Båten stasjonerte ved Norakaia der det var fergelem.
Fyrst på 1920-talet skaffa Peder P. Maurstad seg motorbåt og byrja med skyssverksemd. Teisten 1930 Fyrste båten kjenner ein lite til, men ca.1930 kjøpte han “Teisten”. Denne båten vart velkjend i dåverande Davik kommune som omfatta store deler av ytre Nordfjord.
Distriktslegen i Davik hadde bopel og kontor på Bryggja og nytta” Teisten” som sin faste skyssbåt når han var ute i sjukebesøk, og til kontordagar i Ålfoten, Davik, Rugsund og Berle.
Elles vart “ doktorskyssen”, som den vart kalla i daglegtale, mykje nytta av både privatfolk og det offentlege. Teisten “Teisten” vart forlenga og ombygd i 1947.
Legedistriktet vart oppretthalde etter kommunesamanslåinga i 1964, og “Teisten” heldt fram med skysstenesta til hausten 1970. I desse åra var Per Audun Maurstad båtførar.
Etter denne tid overtok ambulansebåten Cesilie legeskyssen. Eigar og fører var Birger Hagen. Frå 1977 og til ordninga tok slutt i 1996 var det Jon og Leif Hagen som utførde tenesta med båten Caroll.

Muntlege kjelder:
Arvid Nore, Olav Rimstad og Per Audun Maurstad.

- Harald Maurstad-

Stor takk
Bryggja Bygdatun
Siste frist for påmelding til julebord i grendahuset
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun