Torsdag 4.juni 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Gamlevegen Rimstad - Berstad

Ifrå Sogn og Fjordane sitt fylkesarkiv kan du søke fram denne artikkelen:
Gamlevegen Rimstad - Berstad

Vegen over Berstadeidet
Den gamle vegen over Berstadeidet til Bryggja har gjennom tidene hatt mange funksjonar. Vegen har vore kyrkjeveg, friarveg, pilegrimsveg og postveg. Han har blitt kalla rideveg, drifteveg og stølsveg, og frå gamalt av vore møteplass for folk frå begge sider av eidet. Det har aldri vore bilveg over Berstadeidet.
Vegen, landskapet og naturen
Vegen over Berstadeidet har i uminnelege tider vore ein såkalle tjodveg. Frå Berstad til Rimstad er det om lag 11 km. Vegen tek av frå riksvegen ved Berstadelva, og går slakt oppover nakne berg med myrlendt terreng innimellom. Myrpartia viser spor etter torvskjering, og her finst restar etter torvhus. Ved enden av Berstadvatnet er det mura opp ei steinbru over elva, og her går vegen på austsida av vatnet fobi Fureneset og Legeneset før han svingar oppover og skjer seg inn i den bratte lia opp mot Løypinga. Namnet kjem truleg av at det her har vore ei tømmerløype. Ennå veks det villfuru i området, restar etter den gamle urskogen. På Løypinga ligg ein stor "kvilestein", og staden var ein "mjølkeplass" der kyrne vart mjølka.

Vegen frå Løypinga ned til Rimstad går forbi tre vatn. Det første er Vaulevatnet, så kjem Fiskevatnet og til sist Samueltun-vatnet som ha fått namnet sitt etter Samuel Andersson, brukaren på garden Sameltunet tidleg på 1600-talet. Langs vegen nedover finst det murar etter sætrar, gardfjøsar og gamle bruer, og ein har utsikt over "Futemyra". Segna seier at ein dansk fut skal ha lete livet her, men det er uklårt om han reid seg ned i myra eller vart slegen i hel.

Pilegrimsvegen.
Det er truleg at vegen over Berstadeidet i gamal tid har vore ein av pilegrimsvegane til heilagstaden på Selja. Mellom Fiskevatnet og Vaulevatnet er ein stad som heiter Korsbakken. Det er ikkje funne spor etter kross her, men staden ligg om lag halvvegs mellom Bryggja og Berstad, difor kan dette ha vore ein naturleg kvilestad for pilegrimane på vegen mot Selja.

Kyrkjevegen
Når folk frå Rimstad skulle til kyrkja i Selje, tok dei vegen over Berstadeidet til Berstad og rodde derifrå ut Moldefjorden til Selje. Heilt fram mot 2. verdskrigen hadde folk frå Rimstad båt liggjande på Berstad til bruk når dei tok på kyrkjeferd. Like eins kunne folk frå Berstad ta vegen over fjellet og vitje kyrkja der.

Postvegen
I 1830-åra vart det oppretta ei tredje postrute gjennom Nordfjord med tilknyting til rikspostrutene. Ruta gjekk frå Eide inst i Moldefjorden, over Berstadeidet til Bryggja og vidare til Utvik der det var tverrsamband vidare.
Først var det såkalla postbønder som førte posten frå stad til stad, men etter kvart tilsette Postverket spesielle postførarar på dei viktigaste rutene. Postførarane hadde uniform og posthorn, og dei var væpna med sabel. I åra rundt 1860 var Jacob August Pisani postførar på ruta Ålesund-Vanylven-Eide-Bryggja-Utvik. Han var av italiensk hærkomst, ein kraftig kar med stort skjegg, som det ennå går ord om i bygdene i Nordfjord.
På nordsida av Berstadvatnet er ei kjelde med svært godt vatn. Denne kjelda frys ikkje til om vinteren. Her brukte postføraren alltid å sløkkje tørsten når han gjekk forbi, og den dag i dag vert kjelda kalla Pisanibekken.
Plakat på saniteten sine onsdagsturane frå mai til 9.september 2020
Bryggja Sanitetsforening
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.

 

10. jun
Onsdagtur til Kjølsdalen, byggefeltet Langestigane til Årdalen t/r (fellestur), merk tidspunktet kl 17.45
Bryggja Sanitetsforening
17. jun
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet (i sti over tunellen)
Bryggja Sanitetsforening
24. jun
Onsdagtur til Totlandsmarka, frå kraftverket til Blankevatnet
Bryggja Sanitetsforening
29. jun
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 8.juni
1. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Fellestur.
Bryggja Sanitetsforening
8. jul
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
15. jul
Onsdagstur til Skorsteinshola frå Navevatnet (nye skogsvegen)
Bryggja Sanitetsforening
22. jul
Onsdagstur Sætrevatnet frå Fagerlida
Bryggja Sanitetsforening
29. jul
Onsdagstur / Kløvertur til Tofta
Bryggja Sanitetsforening
5. aug
Onsdagstur til Yste Raudeggjevatnet frå Brunsvika
Bryggja Sanitetsforening
12. aug
Onsdagsturen til Ytre Hundeidesetra. Fellestur med Kjølsdalen. Merk kl 17.45 frå busskuret ved Bryggja Grendahus
Bryggja Sanitetsforening
16. aug
Søndag tur ilag med saniteten til Mosekleivhornet frå Hoddevikfjellet Stadt (fellestur), start kl 09.15
Bryggja Sanitetsforening
26. aug
Onsdagsturen/ Kløvertur til Navestøylen i Kjølsdalen, event til vatnet (fellestur), merk tidspunkt kl 17.30
Bryggja Sanitetsforening
2. sep
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år også.
Bryggja Sanitetsforening
9. sep
Onsdagstur Torvhuse i trimløypa v/vassverket (grilling) KLØVERTUR
Bryggja Sanitetsforening
4. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening