Onsdag 16.oktober 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Tårvhuse, gamal torvløe i Kvievassdalen, restaurert i 2019

Tårvhuse, før restaurering
Tårvhuse, før restaurering

Tårvhuse, etter restaurering, juni 2019
Tårvhuse, etter restaurering, juni 2019

Tårvhuse, opninga av Arnvid Nore 23.06.2019
Tårvhuse, opninga av Arnvid Nore 23.06.2019

Tårvhuse, frå opninga den 23.06.2019
Tårvhuse, frå opninga den 23.06.2019

Tårvhuse, lunt inne under opninga den 23.06.2019
Tårvhuse, lunt inne under opninga den 23.06.2019

Tårvhuse, bruk av gamal og ny materialer
Tårvhuse, bruk av gamal og ny materialer


Tekst henta frå Fjordenes Tidende sin reportasje frå opninga den 23.juni 2019:

Ein gjeng karar har sveitta og streva i eitt år for å redde eit torvhus frå å ramle i hop. I helga fekk dei vellæte som løn for strevet.

– Vi hadde opning av torvhuset med snorklypping og greier og det kom så mykje folk! Vi trudde det skulle komme ein tjue, tredve, men det kom mellom sytti og åtti personar og det var sånn vellæte over at dette blei tatt vare på - det var veldig kjekt, seier Asbjørn Nore. Han er ein i kargjengen bak bergingsaksjonen, som kom i absolutt siste liten.

Torvhuset ligg i nærleiken av lysløypa ovanfor Bryggja skule, i Kvievassdalen ovanfor Heggedal. Her brukar nokre karar frå Bryggja å gå på ski vinterstid eller på turar sommarstid. Og ein gong dei søkte ly under det forfalle torvhuset, kom ideen.


- Vi sat der inne og kvilte oss litt og begynte å snakke om at vi skulle tatt vare på dette torvhuset, så bestemte vi oss. Og det var i grevens tid. Vi trur kanskje torvhuset er fleire hundre år, men vi veit ikkje sikkert, fortel Nore.

Karane sette i gong og plukka ned grindbygget, teikna malar, tok vare på alt det gamle dei kunne og bygde huset opp att. I tillegg har dei bygd bord og benkar både ute og inne, og grusa utanfor, så no har det gamle huset fått nytt liv.

– Torvhuset skal brukast som friplass for alle i bygda og dei som kjem på besøk. Ein rasteplass for folk som går i marka. Eg og kona går opp kvar dag, fortel Nore.


I gamledagar stod det fem slike torvhus i området. Nore har ein teori om at huset vart brukt til å stable haugar med torv under, slik at den skulle tørke i periodar med regn. Eller så trur han at huset kan ha vore til reiskap eller ein plass for arbeidsfolket. Å skjere torv var tungt arbeid og framleis kan ein somme stadar sjå spor etter torvskjering. Torva vart tørka og brukt til brensel.


Asbjørn Nore, Jonny Svoren, Bjarne Nore og Frank Hessevik har stått for mesteparten av restaureringa, men mange andre har bidrege, både med bygging, gratis material, gratis grus og sponsormidlar.

– Ja, for eksempel har Roar Haugan saga og levert all materialen og Kvernevik har gitt oss masse grus. Pensjonistlaget og Saniteten har gitt oss pengar, så no er vi ikkje skuldige ei einaste krone heller.

– Det er kjekt å sjå at torvhuset blir brukt, det er mykje folk der oppe, seier ein godt nøgd Asbjørn Nore.
Invitasjon til frivillige lag og org. i Stad kommune. Innbyggjartreff 26.okt på Nordfjordeid
Trekningsliste frå sanitetsbasaren. Takk for all støtte og hjelp!
Bryggja Sanitetsforening
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
20. okt
Bryggja Sanitetsforening er med som bøsseberarar i årets TV-asksjon
Bryggja Sanitetsforening
20. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.15.
Hei og Hå 4H
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind