Fredag 20.september 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Arresten/ A.Lem på Bryggja

Arresten på Bryggja © Rigmor Navekvien
Arresten på Bryggja
Rigmor Navekvien
Omringa av gamle ærverdige tre ligg det gamle Lensmannstunet på Bryggja. Eitt av husa vert kalla Arresten.

Huset.
Huset Arresten står i stil med hovudbygningen, og er måla i same gulfargen. Det blinkar i dei små rutete vindauga. Det einaste bygningsmessige som fortel at dette huset har vore brukt til arrest, er det solide jerngitteret i glaskarmen. For å sjå det må ein heilt inn til huset.

Eitt av fleire.
Bygningane i Lensmannstunet på Bryggja vart bygde i tidsrommet 1860-1870, før tunet vart lensmannsgard. Lensmann Arnoldus Lem fekk skøyte på eigedomen, bruk nr.10 på Maurstad i 1876. Lensmannen tok huset som no vert kalla Arresten i bruk til kontor og arrestlokale.

Eldre folk hugsar.
Bryggja høyrde til Davik kommune fram til 1964 då bygda vart lagt til Vågsøy kommune. Det var lensmannsfolk i lensmannstunet på Bryggja frå 1876 til 1916. Eldre folk hugsar klasseskilnaden mellom vanlege bygdefolk og folka i lensmannsgarden. Der var det tenestefolk og guvernante. Dei hugsar og at der var innsette i arresten, i somme høve fangar som skulle vidare til fengslet i Vik i Sogn. Lensmann Lem døydde i 1925, og husa skifta eigar. Men Arresten står der som eit pust frå ei anna tid.

Lensmann A. Lem.
Lensmann Arnoldus Lem var fødd 8.februar 1847 i Førde. Foreldra var lensmann Arnoldus Hess Lem og Andrea Olava Lem.
Arnoldus Lem © ukjent
Arnoldus Lem
ukjent
I åra 1865-1869 var han kontorist hjå futen i Sogn, i 1869-1872 kontorist hjå sorenskrivaren i Indre Sogn og i perioden 1873-1875 kontorist hjå Amtmannen i Sogn og Fjordane. Han var gift med Anna Elisabeth Paasche og budde på garden sin Maurstad til han døydde 3. mars 1925. Arnoldus Lem var lensmann i Davik frå 1875 til 1916. Då han slutta møtte formannskapet opp i heimen hans og overrekte eit gullur med kjede for lang og tru teneste.

Rigmor Navekvien. 2000.
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud
Status 17.juni 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
26. - 27. okt
Salsmesse, påmelding innen 10-10-19
Bryggja Bygdatun
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind